Torbjørn Ringdal Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torbjørn Ringdal Hansen

Torbjørn Ringdal Hansen NM Hamar 2007 nr 2.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mars 1979
Røyken
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Torbjørn Ringdal Hansen (fødd 1. mars 1979 i Røyken) er ein norsk sjakkspelar. Han vart utnemnd til Noregs 11. stormeister i sjakk i mai 2015.

Torbjørn Ringdal Hansen vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2008. Han klarte IM-kravet i Noregsmeisterskapen i sjakk 2003, sjakkturneringa Rilton Cup i Stockholm ved årsskiftet 2003-2004 og sjakkturneringa Iles Medes International i 2007. Han klarte deretter den 12. januar 2008 ratingkravet på 2400, etter å ha tatt 4,5 poeng på dei første 5 rundane i den norske Ishavsserien i sjakk 2007-2008 (eliteserien for klubblag).

Torbjørn Ringdal Hansen vart Stormeister på grunnlag av tre gode turneringar: Resultatet i Rilton Cup 2003/2004 var også eit stormeister-napp. Deretter, i Ishavsserien 2007-2008 enda han opp med 7 poeng på 9 rundar, noko som gav eit nytt stormeister-napp. Og i stormeisterturneringa Roquetas de Mar i Spania, i tida 1-6. januar 2011, tok han 6,5 poeng på 9 rundar, noko som gav han det tredje tilstrekkelege stormeisternappet. Men for å bli utnemnd til stormeister er det i tillegg eit krav at ein klarer å få eigen FIDE-rating opp i 2500. Han hadde pr. 1. januar 2011 2439, og det tok deretter nokre år før han pr. 1. mai 2015 passerte 2500, og deretter straks vart utnemnd til stormeister.

Torbjørn Ringdal Hansen var den første trenaren til Magnus Carlsen.

Han er no medlem i Schakklubben av 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Sjakkblad

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]