Røyken kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røyken kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Midtbygda
Areal 113 km²
 - land 112 km²
 - vatn km²
Folketal 21 492 (1. januar 2016)
Folketettleik 192 / km²
Målform Bokmål
Ordførar Eva Norén Eriksen (H)
Kommunenummer 0627
NO 0627 Røyken.svg
Wikimedia Commons: Røyken

Røyken er ein kommune i Buskerud fylke og ligg på halvøya Hurumlandet. Kommunen grensar i nord til Lier og Asker og i sør til Hurum. Vest for Drammensfjorden ligg Svelvik kommune. Tettstader i kommunen er Hyggen, Røyken, Spikkestad, Slemmestad/Bødalen, Nærsnes, Båtstø og Åros.

Kommunen har noko småindustri i Slemmestad og Spikkestad, elles jord- og skogbruk. Flygeleiarsentralen for austlandet ligg i Røyken, men er foreslått lagd ned. Det er korte avstandar til Drammen og Oslo, mange av innbyggjarane arbeider difor på denne strekninga. Det er buss-samband til begge byane, dessutan lokaltog til Oslo om Asker, og båt frå Slemmestad til Oslo.

Kyststien langs med Oslofjorden er ein tursti lagt til rette for fotturistar. Det er også Oldtidsvegen, den gamle ferdselsvegen frå Slemmestad til Gullaug i Lier.

Kjende røykenbøringar[endre | endre wikiteksten]

Røyken stasjon i tettstaden Røyken ligg på Spikkestadlinja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.