Gällivare kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gällivare kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Areal 16 818 22 km²
 - land 15 705 15 km²
 - vatn 1 113 07 km²
Folketal 18 330
Gällivare Municipality in Norrbotten County.png
Wikimedia Commons: Gällivare

Gällivare kommun (fi. Jällivaara, sørs. Jiellivarre ) er ein kommune som ligg midt i Lappland i Norrbottens län nord i Sverige. Administrasjonssenter i kommunen er Gällivare.[1] Gällivare kommune grensar mot kommunane Jokkmokk, Boden, Överkalix og Kiruna i Sverige. I nordvest grensar kommunen mot Narvik, Ballangen og Tysfjord i Noreg. Med eit areal på 16 950 kvadratkilometer er kommunen dem tredje største etter areal i Sverige.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gällivare består av høgfjell i nordvest som gradvis blir lågare mot søraust. Lule älv er det største vassdraget i kommunen og dannar saman med innsjøane Akkajaure og Stora Lulevatten øvre delen av sørgrensa mot Jokkmokk. Gällivare har fleire nasjonalparkar og andre verna område, bl.a Stora Sjöfallets nasjonalpark (1909), Muddus nasjonalpark (1942) og Sjaunja naturreservat. Den sørlege delen av kommunen består av store skogs- og myrområde.

E10 og E45 går gjennom kommunen og Gällivarre er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Malmbanan og Inlandsbanan. Gällivare Lapland Airport har daglege flysamband til Stockholm.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Samisk, meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Gällivare er saman med nabokommunen Kiruna dei to einaste svenske kommunane med tre offisielle minoritetsspråk.[2]

Næringar[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk og gruvedrift er tradisjonelt viktige næringar i kommunen. Nedgangen i arbeidsplassar i desse næringane har resultert i auka fråflytting. Kommunen har store vassressurser og ein aukande turisme.[1]

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Gällivare kommune hadde seks tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Gällivare 8 480
2. Malmberget 6 017
3. Koskullskulle 899
4. Hakkas 383
5. Ullatti 230
6. Tjautjas/Cavccas 216

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Den svenske fastfoodkjeden Max Hamburgerrestauranger vart grunnlagt i Gällivare i 1968 av Curt Bergfors.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Store norske leksikon, snl.no, 19 april 2010, [1]
  2. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimesidefor Gällivare kommune