Tord Kolbeinsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Tord Kolbeinsson (norrønt: Þórðr Kolbeinsson eller Þórðr skáld) var ein islandsk skald, truleg fødd på Hitarnes på Island om lag år 974. Etter Skaldatal var han ein av hirdskaldane hjå Eirik Håkonsson Ladejarl og kong Olav Haraldsson (den heilage).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Etter ein versjon av Landnåmaboka[1] (Sturlubók) var far hans Kolbeinn klakkhǫfði (klump-hovud) Atlason, fra Atløy i Noreg, medan ein annan versjon (Hauksbók) nemner han som Kolbeinn Þórðarson. Mor hans var Arnora Gunnbjørnsdotter og ho var i ætt med Melldun jarl i Skottland. Tord gifte seg omkring år 1010 med Oddny «øy-ljos» (Oddný eykyndill) og med henne fekk han åtte born; ein av dei var Arnor, som òg var ein kjend skald.

Tord Kolbeinsson kan ha levd fram til byrjinga av 1050-talet.

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Det meste som er kjent om livet til Tord Kolbeinsson, finn vi i Soga om Bjørn Hitdølakjempe[2], der han er skildra som ein vondsinna og upålitande person. I året 1007 kom han til Noreg og vart hirdmannen til Eirik jarl. Det var her han vart kjend med Bjørn Arngeirsson. Då Tord seinare reiste attende til Island og gifte han seg med Bjørns si festarmøy Oddny, etter at han hadde betalt nokre kjøpmenn til å fortelje at Bjørn var död. Då Bjørn seinare kom heim og fekke vite det som hadde hendt, vart han overlag sint, og det er om den aukande fiendskapen mellom dei to tidlegare venene som soga om Bjørn Hitdølakjempe handlar om. Konflikta enda i år 1024 då Tord med stor overmakt overfall og drap Bjørn. Nidingsdåden førte til at Oddny vart sinnsjuk.

Desse diktverka av Tord Kolbeinsson er kjende:

  • Belgskakadråpa[3] er ei dråpa han gjorde til Eirik jarl ein gong omkring 1007. Berre to vers og eit halvvers er kjende, og dei handlar om drapet på Håkon jarl og flukten til Sverige.
  • Eirikdråpa[4] er ei dråpa til Eirik jarl som omhandlar hendingar frå heile livet hans. Innhaldet tyder på at Tord kan ha vitja Eirik jarl i England, kort tid før han døydde i 1023/1024, eller diktet kan òg ha blitt til på Island, etter at Eirik jarl var død.
Det er stor likskap mellom versa i Belgskakadråpa og nokre av versa ein finn Eiriksdråpa, og det er rekna som uvisst om dei to i røynda er eit og same diktverket.
  • Lausaviser[5] Tolv lausaviser er bevart i soga om Bjørn Hitdølakjempe[2] , dei fleste relatert til helten Bjørn i soga.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Landnåmabok frå heimskringla.no
  2. 2,0 2,1 Soga om Bjørn Hitdølakjempe frå heimskringla.no
  3. BELGSKAKADRÁPA av Tord Kolbeinsson (notendur.is)
  4. Eiríksdrápa av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)
  5. Lausavísur av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)
  6. Gunnlaugsdrápa ormstungu av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]