Arnor jarlaskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)
Arnor jarlaskald
Fødd 1018
Død

1070

Yrke lyrikar

Arnor Tordsson jarlaskald (norrønt Arnórr Þórðarson jarlaskáld) var ein islandsk skald som var fødd omkring 1012 og truleg døydde han ein gong i 1070-åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han kom fra Hitarnes på Vest-Island og var son av bonde og skald Tord Kolbeinsson (fødd 974) og Oddny «øy-ljos» (eykyndill) Torkjellsdotter. Mellom Tord og Bjørn Arngeirsson var det ein langvarig strid, som er omtala i islendingasoga om Bjørn Hitdølakjempe (Bjǫrn Hítdœlakappi)[1]. Arnor er nemnd både i denne soga og i «Soga om Grette Åsmundsson»[2]. Han skal ha vore gift med ein slektning av orknøyjarlen Ragnvald jarl, slik han sjølv nemner i ei strofe i arvekvadet «Ragnvaldsdråpa» (sjå ref.), der han seier:

styrk lét oss of orkat
jarls mægð af því frægðar
det sterke mågskap med jarlen
gjorde meg namngjeten

Han skal òg ha hatt nokre born som vi ikkje kjenner namnet på.

I Skaldatal[3] er han ført opp som skald hos kongane Magnus den gode, Harald Hardråde, Olav Kyrre, og Knut den store. Mange av dikta hans er sitert i Skaldskaparmål[4].

Arnor reiste som handelsmann og farmann mellom Island og fastlandet. Han var ofte på Orknøyane der han gjorde dikt til orknøyjarlane Torfinn Sigurdsson og Ragnvald Brusesson[Note 1] og difor fekk han tilnamnet «jarlaskald».

Omkring år 1046 kom han til Noreg og var hos kongane Magnus den gode og Harald Hardråde. Før denne tida, omkring 1030, var han truleg òg ei tid hos kong Knut den store i England.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Arnor Jarlaskald høyrer til mellom dei kristne skaldane og han er rekna mellom dei fremste av dei norrøne skaldane i det ellevte hundreåret. Mange av dikta hans er sitert i kongesogene, særleg i soga om Magnus den gode. Han skal ha skapt eit nytt versemål, Hrynhenda[Note 2], som han nytta i ei dråpa til kong Magnus den gode.

I dei to dikta til kong Magnus finn vi for første gong i norrøne skaldekvad, namnet «joms» (jomi), som er knytt til Jomsborg.

Desse dikta av Arnor Jarlaskald er kjende:

  • Ragnvaldsdråpa[5] - truleg ei arvedråpa, om orknøyjarlen Ragnvald Brusason.
  • Hrynhenda[6] - dråpa til kong Magnus den gode. Diktet fekk namn etter det nye versemålet, «Hrynhenda», som Arnor skapte.
  • Magnusdråpa[7]
  • Torfinnsdråpa[8] - eit dikt til orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson
  • Haraldsdråpa[9] - ei arvedråpa om kong Harald Hardråde – dikta omkr. 1067
  • Lausavise[10] - eitt vers.
  • Fragment[11] - åtte vers/strofer.
  • Dikt om Hermund[12] - eit dikt om islendingen Hermund Illugason.

Ei eiga, lita forteljing om Arnor er kjend som «Tåtten om Arnor jarlaskald»[13]. Forteljinga er òg sitert i sogeverket Morkinskinna.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ragnvald Brusesson jarl (ca 1000-1046) var brorson til Torfinn Sigurdsson jarl (ca. 1000-1065). Dei var samjarlar på Orknøyane til Torfinn drap Ragnvald i 1046.
  2. Hrynhenda kjem av ordet hrynja som tyder: klinge. Eks.: riða vid hrynhenda – ride med ringlande beksel

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjarnar saga Hítdælakappa norrøn tekst, frå snerpa.is
  2. Soga um Grette Aasmundsson omsett av Olav Røkke (1912)
  3. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  4. Skaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst)
  5. Rǫgnvaldsdrápa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  6. Hrynhenda, Magnússdrápa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  7. Magnússdrápa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  8. Þorfinnsdrápa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  9. Haraldsdrápa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  10. Lausaviser av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  11. Fragment av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  12. Dikt om Hermund av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)
  13. Arnórs þáttr jarlaskálds (norrøn tekst) frå snerpa.is

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]