Håkon Sigurdsson Jarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon jarl den mektige
Håkon jarl.jpg
Håkon Jarl, teikning av Christian Krohg
Ladejarl
Regjeringstid ca 970 - 995
Fødd ca. 935
Død 995
Dødsstad Trøndelag
Føregjengar Harald Gråfell
Etterfølgjar Olav Tryggvason
Gift med Tora Skagedotter
Far Sigurd Håkonsson ladejarl
Mor Bergljot Toresdotter
Born Svein, Sigurd, Erling, Bergljot
Eirik, Heming og Erlend, og fleire.

Håkon Sigurdsson jarl levde i tida ca.(935995). Han høyrde til Håløygætta og var den tredje i rekka av ladejarlar. Han hadde sin maktbase på ættegarden Lade, ved utløpet av Nidelva i Trøndelag. Han var norsk herskar med jarlsnamn i tida ca. 970-995 og han vart kalla Håkon jarl den mektige (norrønt: Hákon jarl hinn ríki)[Note 1].

Slekt og familie[endre | endre wikiteksten]

Far hans var Sigurd Håkonsson ladejarl (ca. 890–ca. 962) og mor hans var Bergljot Toresdotter, dotter åt Tore Ragnvaldsson Mørejarl (Tore Teiande). Truleg omkring 970 vart han gift med Tora Skagedotter, dotter av Skage Skoftesson, og dei hadde truleg desse borna:

Andre born:

Det er truleg at han hadde minst ei dotter til. Ei av døtrene hans vart mor til lendmannen Ivar Kvite og bestemor til Håkon Ivarsson jarl (frå han ætta den danske kongen Erik 3 Lam). Ei anna dotter vart gift med Skofte Skagesson, etterkomaren hennar var Orm Eilivsson Opplandsjarl (frå han ætta Erling Skakke). Mange av dei skandinaviske stormannsættene i medelalderen hadde ætteband attende til Håkon jarl.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

I sogeverket Ågrip er det sagt om Håkon jarl at han var den vakraste mann å sjå, ikkje høg, men vørdeleg; og han var uvanleg klok, .... I skaldekvadet Vellekla[1] finn vi ein ordlyd som tyder på at Håkon jarl brukte å bere eit silkeband over panna (silkis brúna geymir grundar símaa). Håkon jarl heldt seg til den gamle åsatrua og han var kjend som ein stor blotmann, og i sogene er han omtala som «den vonde». Det ser ut til at han konsekvent kjempa imot innføring av kristendom, sjølv om det ingen stad i sogene er sagt at han dreiv med kristendomsforfølging.

Han tok over som den nye ladejarlen etter at faren, Sigurd jarl omkom då han vart brent inne på Oglo, truleg i 962. Det var då særs urolege tider i Noreg, og Håkon jarl låg i stendig strid med Eirikssønene om herredømet over riket. Truleg var det omlag på denne tida (962) at Håkon jarl reiste til Opplanda for å ha samrøde med hovdingane der. Snorre fortel at der møtte han ei jente av ringe ætt og med henne fekk han ein son som vart kalla Eirik og som skulle bli den neste ladejarlen. Ikkje lenge etter ser det ut til at han, for ei tid, reiste i viking i austerveg og i Vellekla seier skalden at han «fekk landa i aust i si makt». Seinare kom han attende til Noreg, og han tok hemn for drapet på faren då han i eit slag på Møre drap farbroren Grjotgard Håkonsson. Snorre skriv at han etter dette slaget segla til havs og sør langs med landet, til han kom til Danmark.

Slaget på Limfjorden[endre | endre wikiteksten]

Omkring år 970 allierte han seg med danskekongen Harald Blåtann og i eit slag i Limfjorden vart den siste av «Hårfagrekongane», Harald Gråfell drepen. Etter den tida rådde Håkon jarl over det meste av Noreg; i Vellekla[1] vers 13, blir det sagt at han “la under seg sju fylke”. I tillegg til ladejarlane sitt rike i nord, rådde han då truleg over Egdafylke, Rygjafylke, Hordafylke, Sygnafylke, Firdafylke, Mørafylke og Raumsdølafylke.

Danskekongen Harald Blåtann hadde først gitt støtte til Eirikssønene [Note 2] men omkring 970 «bytte han side» og allierte seg med Håkon jarl. Men jarlen måtte etter dette underkaste seg Harald Blåtann og akseptere han som sin lensherre. Noreg vart eit len under Danmark, og truleg var det på denne bakgrunnen at Harald Blåtann let setje opp bautasteinane som blir kalla «Jellingsteinane», ved byen Jelling i Danmark. Runeinnskrifta på den største steinen er blitt tyda slik: «Kong Harald baud gjera desse kumler etter Gorm far sin og etter Tyre mor si, den Harald som vann seg heile Danmark og Noreg».

Slaget ved Dingenes[endre | endre wikiteksten]

Men etter den tida herja Eirikssønene framleis i Noreg og gjorde stor skade og mein mot folket på kysten. Snorre skriv at medan sønene etter Eirik Blodøks rådde for Noreg, var det fæle uår som vart berre verre og verre, di lenger dei styrte. Etter nokre år kom det til eit avgjerande slag. Om våren hadde Håkon jarl kalla ut full leidang frå alle fylka nord om Stad, og ved Dingenes ytst i Sognefjorden møtte han Eirikssønene Ragnfrød og Gudrød som hadde samla ein stor flåte frå fylka på Vestlandet. Etter Vellekla kom det til eit stort og kvast slag som vart halde på land og der vann Håkon jarl ein stor siger. Etter dette slaget rømde Eirikssønene og Gunnhild, mor deira, frå landet. Håkon jarl hadde sikra herredømet sitt over heile det vestlege Noreg og det vart fred i landet. I Vellekla (vers 17) prisar skalden han og samanliknar han med segnkongen Frode Fredegod i Danmark som hadde styrt med orden og rettferd og som hadde skapt fred i landet (Frodefreden):

Ingen høgboren krigar
på jorda er fødd
som gjorde slik fred,
utanom Frode

Slaget ved Danevirke[endre | endre wikiteksten]

Tekning av Gerhard Munthe
«Håkon sende alle lærde menn opp på land.»

Framleis var kong Harald Blåtann lensherren hans, og tidleg på våren i år 974 fekk han bod om å samle hærstyrkar og kome til Danmark for å hjelpe kong Harald med å verje landet mot den tysk-romerske keisaren Otto II (955-983) som hadde samla store hærstyrkar og var truande til å ville invadere Danmark. Håkon jarl vart sett til å forsvare Danevirke, den om lag 30 km lange grensevollen mellom Danmark og Tyskland. Om sumaren det kom til eit stort slag der Håkon jarl fekk siger og framgangen til keisar Otto vart stogga. Dette siterer Snorre frå Vellekla:

For han som sjøhesten salar
saksane unna laut røme;
vel da gramen varde
vollen mot fiendflokken

Håkon jarl tykte då at oppgåva hans var løyst og han drog styrkane sine attende, og ut av krigen. Men etter ei tid gjekk keisar Otto på nytt til åtak mot Danmark. Han brende Danevirke og inntok handelsbyen Hedeby, og styrkane hans invaderte til sist Jylland heilt opp til Limfjorden. Der fekk han ein endeleg siger over danehæren og kong Harald Blåtann vart tvinga til å akseptere strenge fredsvilkår og kristen dåp.

Sogene vil ha det til Harald Blåtann ved dette høvet kalla og til seg Håkon jarl og tvinga han til å la seg døype. Etter det vart jarlen eitrande sint over å ha blitt lurt, og han reiste straks attende til Noreg med styrken sin. Harald Blåtann hadde sendt med han prestar og lærde menn som skulle kristne folket i Noreg, men før han forlet Danmark sende han dei alle opp på land. På vegen heim fór han med hærskjold over heile Gautland, danekongen sitt rike.

Då Håkon jarl seinare skjøna at Harald Blåtann var blitt overvunnen og makta hans var sterkt redusert etter nederlaget mot keisar Otto, sa han seg fri frå dansk overherredøme. Etter den tida styrte han over Noreg som sjølvstendig fyrste, og han la ingen skatt til danekongen sidan. Slik uttrykte skalden det i ei strofe i Vellekla:

No ligg under jarlen
alt nordanfor Vika,
herredømet åt Håkon,
hærkjempa, vidt seg breier
Nú liggr allt und jarli
(ímunborðs) fyr norðan
(veðrgœðis stendr víða)
Vík (Hôkunar ríki).

Slaget på Hjørungavåg[endre | endre wikiteksten]

Slaget på Hjørungavåg.
Tekning av Halfdan Egedius

Ved årsskiftet 985/986 kom ein stor flåte frå Danmark til Noreg. Det er uvisst om det var Harald Blåtann eller sonen hans, Svein Tjugeskjegg, som sende hærflåten, men formålet var å finne og straffe Håkon jarl, og sikre dansk herredøme over Noreg. Håkon jarl, saman med sønene Eirik og Svein, baud ut leidangen og samla skip og folk både frå Nordvestlandet , Trøndelag og Hålogaland, og det kom til eit slag på ein stad som sogene kallar Hjørungavåg på Sunnmøre. Truleg var dette det største sjøslaget i Noreg i vikingtida, og slaget er detaljert omtala i dei norrøne kongesogene og i mange skaldekvad. Det er òg nemnt i historieverk Gesta Danorum av Saxo Grammaticus og ei eiga soge som fekk namnet «Jomsvikingsoga».

Opplysningane om slaget i dei ulike kjeldene er ofte motstridande og uklare og ber preg av dikting, basert på usikre segner og myter. Men det er ikkje tvil om at slaget verkeleg skjedde og at Håkon jarl og den norske flåten fekk ein stor siger. Det er òg sikkert at slaget gjorde slutt på dansk herredøme over Noreg og etter den tida styrte Håkong jarl over Noreg, utan innblanding frå Danmark. Snorre skreiv : «Medan Håkon jarl rådde for Noreg, var det gode årringar i landet og god fred innanlands mellom bøndene».

Fleire skaldar var til stades under slaget, mellom dei som gjorde dikt om hendinga, var Tord Kolbeinsson (Eiriksdråpa[2]) og Tind Hallkjellsson (Håkonardråpa)[3].

Mordet på Håkon jarl[endre | endre wikiteksten]

Truleg våren 995 kom Olav Tryggvason vest frå England, til Noreg med fem langskip. Sogene har ikkje opplysningar om bruk av våpenmakt i særleg grad, men fortel at Håkon jarl vart drepen og Olav vart teken til konge over Noreg. Medan Håkon jarl tidlegare vart skildra som ein god og dugane herskar, blir han no brått skildra med negative ordelag, eit motstykke til den nye «heltefiguren» og kristningskongen, Olav Tryggvason. Særleg hos Snorre finn vi desse forteljingane, og det er ikkje tvil om dette avspeglar haldningane til sogeforfattarane på 1100-talet og 1200-talet; dei ville vise kva for ein ynkeleg lagnad som høvde for ein heiden blotmann og avgudsdyrkar.

Dei fargerike skildringane om korleis Håkon jarl brått fekk trønderne mot seg, og om korleis han til slutt ble vart drepen av sin egen træl i grisehuset på Rimol (nå Romol), er ikkje historisk truverdig. Forteljingane er ikkje nemnt i Fagerskinna, og er heller ikkje i nokon av dei samtidige skaldeversa. Berre dette nemner Tord Kolbeinsson i Eiriksdåpa[2] (vers 6):

Snart etter mennene sende
med svik Hakon i dauden.
Men riket som den rådsterke
raust seg hadde vunne
tenkjer eg Trygve-sonen
tok, då han kom vestan.

Det kan vel knappast vere tvil om at Håkon jarl vart myrda av Olav Tryggvason, og truleg var ein av grunnane til heile den fantasifulle forteljinga om drapet, dikta i hop for å dølje nettopp dette, at Olav Tryggvason, heltekongen, gjorde seg skuldig i eit simpelt snikmord. Seinare, i slaget ved Svolder, gir òg sogeskrivarane oss det inntrykket at Eirik Håkonsson jarl hadde grunn til å hemne seg på kong Olav, fordi han hadde drepe far hans. Han hadde vel ikkje noko å hemne, dersom det var Kark som var drapsmannen.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Til tross for det negative ettermælet som Håkon jarl fekk i sogene, er det som om Snorre tok eit atterhald når han skreiv i Soga om Olav Tryggvason (kap.50): Framifrå romhendt var Håkon jarl. Ei stor ulykke førte denne hovdingen til slik ein død. Men at det gjekk så, kom seg mest av at no var den tid kommen da blotinga og blotmennene skulle bli fordømde, og heilag tru og rette seder komme i staden.

Håkon jarl hadde oftast mange skaldar og poetar hjå seg, i Skáldatal[4] er desse nemnt:

Ein trur at ættegarden Lade må ha vore eit kulturellt sentrum på Håkon jarl si tid, truleg det siste forumet i Noreg for skaping og framføring av litteratur, soger og skaldekvad med tema frå den norrøne mytologien.

Håkon jarl var den første norske hovdingen som gjorde seg gjeldande i den politiske maktkampen i Skandinavia. Med dugleik og hell vann han herredøme over det meste av det norske riket. I tillegg til Trøndelag og «Kyst-Noreg» hadde han truleg makt over Opplanda, berre områda rundt Oslofjorden (Vika) var framleis under dansk styre. I Vellekla blir det sagt (vers 32) at han rådde over seksten fylke og Snorre skreiv at Håkon jarl rådde over alle sjøbygdene i Noreg og at han hadde seksten jarlar under seg. Han var ein stor og mektig krigar, likevel heiter det om Håkon jarl at han aldri «oppsøkte striden», men òg at han aldri veik undan for striden, når det var naudsynt.

I kvadet «Vellekla»[1] (vers 14) lovpriser skalden Håkon jarl fordi han let frede og setje i stand att Tor sitt tempel og gudane sine heilagdommar.

Livet til Håkon jarl er i nyare tid brukt litterært i romanar av ymse forattarar, kanskje mest kjend er sørgespelet «Hakon Jarl hiin Rige» (1807)av den danske diktaren A. G. Oehlenschläger. Diverre blir det i vår tid i Noreg framført såkalla «sogespel» der det negative omdømet til Håkon jarl ukritisk, og urettmessig blir dyrka.

I den offisielle norske kongerekka [5] er Håkon Sigurdsson ladejarl ført opp som den 5. kongen, med ei styringstid på 25 år (970-995), rett nok med dette litt merkverdige tillegget om «dansk styre» (til liks med alle ladejarlane).

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

Håkon jarl er omtala i mange av dei sentrale norrøne kongekrønikene frå 1100- og 1200-talet:

Andre viktige kjelder er skaldedikt av Einar Skålaglam, Øyvind Skaldespille, Tind Hallkjellsson og Hallfred Vandrædaskald (sjå ref.).

Adam av Bremen i «Beretningen om Hamburg stift» har ein omtale av Håkon jarl, der han m.a. skriv: «Denne Håkon var meget grusom. Han tilhørte Yngves ætt og nedstammet fra kjemper. Han var den føste som tok kongemakten blant nordmenn, da de før var blitt styrt av høvdinger......»

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I dei norrøne sogene blir tittelen «jarl» for Håkon jarl, og på dei andre hovdingane i håløygætta og ladeætta, ofte sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking. «Jarl» er ein eldgamal, sjølvstendig hovdingtittel som truleg er eldre enn konge-tittelen. (Sjå artikkel om Håløygætta)
  2. Harald Gråfell vart konge i Noreg med støtte frå danskekongen (truleg var Harald Blåtann fosterfar hans og kanskje òg morfar). Merkverdig nok blir dette aldri omtala som «dansketider» i norsk historieskrivning, sjølv om Harald Blåtann opplagt såg på Noreg som underlagt Danmark.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Vellekla av Einar SKålaglam (Skaldic Project)
  2. 2,0 2,1 Eiriksdråpa av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project)
  3. Håkonardråpa av Tind Halkjellson, om jomsvikingslaget (Skaldic Project)
  4. Skaldatal Heimskringla.no (dansk tekst)
  5. Den norske kongerekken (Det norske kongehus)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vellekla frå heimskringla.no - dansk omsetjing
  • Norsk biografisk leksikon Håkon Sigurdsson ladejarl
  • Håkon jarl av Frans-Arne Stylegar (Spartacus 2013)
  • Jarleætta av Martin Furseth (ISBN 978-82-300-1308-3) 2015
  • Striden om stedet Hjørungavåg-slaget i norsk historie og kulturdebatt. Red.: S. Ugelvik Larsen (Sunnmørsposten forlag 2006)