Tordis Maurstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tordis Maurstad

Fødd24. desember 1901
FødestadKristiansund kommune
Død10. januar 1997 (95 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar, teaterskodespelar
EktefelleAlfred Maurstad, Helge Krog
BornToralv Maurstad

Tordis Maurstad (24. desember 190110. januar 1997) var ein norsk skodespelar som opptredde på teater, film, radio og fjernsyn.

Tordis Maurstad var knytt til Det Norske Teatret i over 50 år, men gjesta ved fleire andre teater, og opptredde mykje i andre media. Ho er mellom anna kjend som den første hovudrolleinnehavaren i ein nynorsk spelefilm, filmen Liv, som hadde premiere den 26. desember 1934).

Maurstad var fødd Tordis Witzøe i Kristiansund. Ho gifta seg med kollegaen Alfred Maurstad, og dei fekk sonen Toralv Maurstad, som blei skodespelar. Tordis Maurstad var også kjærast med Jakob Sande og sambuar og ektefelle til Helge Krog frå 1949 til han døydde i 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]