Tore Austad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Austad
Fødd 8. april 1935
Skedsmo
Yrke politikar, forfattar, universitetslærar, skribent

Tore Austad (fødd 8. april 1935) er ein norsk skulemann og politikar, fødd i Skedsmo i Akershus. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Willoch-regjeringa i tida oktober 1981 til juni 1983.

Austad tok eksamen ved Sjøkrigsskulen i 1956 og gjorde teneste som løytnant i marinen til 1958. I 1962 vart han cand.philol. frå Universitetet i Oslo og var så lektor ved Drammen handelsgymnas til 1964. Etter å ha vore «professor» i norsk ved University of Chicago i to år, kom han i 1966 tilbake til lektorstilling ved Kristiansand katedralskole.

Frå 1972 var Austad aktiv for partiet Høgre i lokalpolitikken i Kristiansand og Vest-Agder. Han var medlem i bystyret frå 1972 til -79, og formann i skulestyret i Kristiansand 1972-77. Frå 1976 var han også medlem i fylkeskulestyret i Vest-Agder.

Hausten 1977 vart Austad vald til stortingsrepresentant frå Vest-Agder, og sidan attvald både i 1981 og 1985. På Stortinget var han dei tre fyrste sesjonane medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen, og deretter formann i same komiteen 1980/81-sesjonen.

Den 14. oktober 1981 vart Austad utnemnd til statsråd i ei rein Høgre-regjering leidd av Kåre Willoch. Han fekk styre Kyrkje- og undervisningsdepartementet til 8. juni 1983, då representantar for Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet tok plass i statsrådet. Austad måtte då vike for Kjell Magne Bondevik som sjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Austad var i resten av 1982-83-sesjonen med i Samferdslekomiteen og sidan medlem i Justiskomiteen 1983-85. I den siste fireårsperioden, 1985-89, hadde han sete i Forsvarskomiteen.

I 1989 gjekk Austad tilbake til lektorjobben i Kristiansand. Han tok også val til bystyret i Kristiansand og frå 1995 til 2007 var han i seks år meinig bystyremedlem og like lenge formannskapsmedlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]