Tore Reginiussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Reginiussen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1986 (38 år)
Alta
Yrke fotballspelar
Høgd 181 centimeter
Tore Reginiussen på Commons
Tore Reginiussen

Tore Reginiussen (fødd 10. april 1986) er ein norsk fotballspelar frå Alta som spelte 21 landskampar i tida 2008-14, og sidan 2012 har vore midtstoppar i Rosenborg Ballklubb.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Reginiussen spelte på Alta IF i åra 2003-05. Etter at Alta rykte ned på tredje nivå, var han Tromsø-spelar i fire sesongar, 2006-09. Vinteren 2010 skreiv han kontrakt med den tyske storklubben Schalke 04. Han klarte ikkje å spele seg inn på det tyske laget, så våren 2011 var han atter å sjå i Tromsø-drakta.

I juni 2011 signerte Reginiussen for danske Odense Ballklub og eit tilhald som varte eitt år. Den 5. august 2012 vart han overført til Rosenborg BK i Trondheim. Her var han i 2015 med å vinne både serien og cupfinalen.

Landslagspel[endre | endre wikiteksten]

Reginiussen debuterte på det norske landslaget 26. mars 2008 mot Montenegro. Fem månader seinare skåra han sitt fyrste landslagsmål i ein privatlandskamp mot Irland som enda 1-1. I sin tiande landskamp vart han matchvinnar då han skåra det einaste målet i kampen mot Thailand i Bangkok, 18. mars 2012. Han var landslagskaptein i sine to siste landskampar, begge spelt i Abu Dhabi i januar 2014 og mot høvesvis Moldova og Polen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 2015 med Rosenborg BK
  • Noregsmeister: 2015 med Rosenborg BK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]