Torjus Hemmestveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torjus Hemmestveit
Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 13. november 1860
Morgedal
Død

9. juni 1930 (69 år)
Pennington County i Minnesota

Idrett kombinert, skihopping
Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Torjus Torjusson Hemmestveit (13. november 18609. juni 1930) var ein norsk-amerikansk skihoppar, kombinertløpar og langrennar frå Morgedal i Kviteseid. Han var medlem av Morgedal IL i Telemark. I 1928 vart han og broren Mikkjel Hemmestveit tildelt Holmenkollmedaljen for sigrane sine i Husebyrennet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hemmestveit var fødd på garden Brekke i Morgedal, og voks opp der til familien flytta til garden Hemmestveit i nærleiken av Brekke. Han og den tre år yngre broren Mikkjel reiste i 1881 frå heimbygda til den norske hovudstaden og starta Noregs første skiskular. Torjus vann det kombinerte rennet i Husebyrennet i 1883 og 1888. I 1888 vann han også femmila.

Få månader etter den doble sigeren i Husebyrennet emigrerte han til broren Mikkjel Hemmestveit i Red Wing i delstaten Minnesota i USA. Dei to brørne vart det neste tiåret pionerar i nordamerikansk skiidrett, særleg i skihopping. Torjus Hemmestveit sette i 1893 verdsrekord i skihopping med eit hopp på 103 fot, 31,4 meter. Han slo då broren sin to år game verdsrekord med ein fot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]