Torolv Solheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torolv Solheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1907
Død

23. mai 1995 (87 år)

Yrke politikar
Politisk parti Norges Kommunistiske Parti, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Folkeparti
Ektefelle Rønnaug Eliassen

Torolv Solheim (7. november 190723. mai 1995) i Oslo) var ein norsk lektor, historikar, forfattar, sosialøkonom og polikar. Han var sentral i Sosialistisk Folkeparti, blant anna som formann frå 1969 til 1971.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Torolv Solheim var elev ved Firda gymnas (1929), tok statsøkonomisk eksamen ved Universitetet i Oslo (1933) og aktuareksamen (1939).

Politisk verksemd[endre | endre wikiteksten]

I lag med Viggo Hansteen og Jacob Friis tok han initiativ til Kommunistisk Studentergruppe (1932), og var redaktør for tidsskriftet til gruppa "Kringsjå", frå 1938 til 1939. Han var i NKP (1940-45), men etter usemje med Peder Furubotn gjekk han over til DNA (1945-52). På 1950-talet var Solheim i opposisjon til DNA sin utan- og innanrikspolitikk; han meinte DNA vart servil i høve til USA og mccarthyismen. Etter skipinga av Sosialistisk Folkeparti var han formann i fylkeslaget i Telemark, og representerte partiet i bystyret i Porsgrunn frå 1963 til 1971. På splittingslandsmøtet i 1969 vart han partiformann til Finn Gustavsen overtok i 1971. Solheim fylgde med inn i Sosialistisk Venstreparti i 1974, men melde seg ut i 1985.

Motstandsmann under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Torolv Solheims var i 1942 med på å starte den illegale avisa "Alt for Norge«. Vinteren 1943-44 heldt han til på NKP si sentralforlegning i Valdres, og der skreiv han artiklar til dei illegale avisene åt partiet. Etter usemje med leiaren i NKP, Peder Furubotn, drog han på ettervinteren 1944 attende til Vestlandet der han vart ein av dei leiande i »Vestlandske Frihetsråd« - det eneste regionale fridomsrådet med suksess. Han redigerte då òg avisa »Gjallarhorn".

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1949 til 1952 var Torolv Solheim direktør for Fiskarlaget verft AS Stongjordanlegget. Han dreiv så ein periode sagbruk i Sønderled ved Risør før han i 1959 vart lektor, fyrst i Breivik, seinare ved Porsgrunn gymnas, der han underviste fram til 1974.

Fossegrimen[endre | endre wikiteksten]

Torolv Solheim var redaktør for fleire tidsskrift, men det mest sentrale var «Fossegrimen» som han starta i 1954 og dreiv for eiga hand fram til han la ned bladet i 1968. Fossegrimen var bygd på målpolitisk, sosialistisk og nasjona grunn. Det stod i opposisjon til politikken åt DNA, ikkje minst i utanrikspolitikken, men òg til leiande krinsar mellom venstresosialistar i Oslo. Bladet var viktig ved å gje plass til artiklar av til dømes Georg Johannesen, Dag Seierstad, Per Mauseth, Kjell Cordtsen og Dag Halvorsen. Også skjønnlitterære forfattarar som Olav H. Hauge, Axel Jensen, Einar Økland og Tor Obrestad nytta tidsskriftet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]