Georg Johannesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Johannesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1931
Bergen
Død

24. desember 2005 (74 år)
Egypt

Yrke skribent, universitetslærar, lyrikar
Georg Johannesen på Commons

Georg Johannesen (fødd 22. februar 1931 i Bergen, død 24. desember 2005 i Egypt) var ein norsk forfattar og professor i retorikk ved Universitetet i Bergen. Han tok magistergrad med ei avhandling om vårmotivet hjå Olaf Bull.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Johannesen debuterte som forfattar i 1957 med romanen Høst i mars under pseudonymet Guri Johns. Den handlar om to unge elskande som får kjærleiken øydelagd av normene og normalane i samfunnet, og som endar opp i det ekstreme - kvar på sin måte. I 1989 gav han ut sitt første romanprosjekt på 30 år, Romanen om Mongstad fletta omkring Mongstad-skandalen. Lyrikkdebuten i 1959 med Dikt 1959 varsla eit brot med den seinsymbolistiske lyrikken frå 1950-talet. Samlinga Ars Moriendi, eller De syv dødsmåter frå 1965 spelar på den kristne truslæras sju dødssynder, men utan noko religiøst aspekt. I 1999 kom Ars vivendi, som tilsvarande refererer til dei sju dygdene tru, håp, kjærleik, mot, måtehald, rettferd og klokskap. Begge samlingane er fulle med referansar til mytologi, Bibelen o.a. eldre tekstar. Inspirasjonen frå Bertolt Brecht er tydeleg i hans eigen dikting, og han gav i 1961 ut ei samling med hundre gjendiktingar av Brechts lyrikk.

I hans skrifter var han opptatt av den tilslørande evna til språket. Å avsløre språket var av det som låg han mest på hjartet: «Viktig: å bygge skrivemaskinen / om til maskingevær / som skifter til rødt fargebånd / mens ørnene stivner til rutefly / Viktig: at pennen er spiss / og stikker øyenhull i masken.» Diktaren må freiste å gripe inn i den politiske røynda, sjølv om det er uråd i og med at diktet nettopp ikkje er handling. Oppgåva består i å oppheve skiljet mellom dikt og røynd: «Denne sang er bare handling, ikke ord / ... / Denne sang er bare blod og ikke blekk» heiter det i Jødisk partisansang.

I 1967 oppførte Det norske teatret skodespelet Kassandra, tydeleg Brecht-inspirert, men også prega av revy og kabaret. Kassandra er ei moderne utgåve av ein komedie av Aristofanes. Stykket blei politimeldt for blasfemi, men saka blei lagt bort av politiet. Etter ein lengre periode utan skjønnlitterær produksjon, kom Johannesen mot slutten av 1970-talet med tre satiriske prosabøker i bibelstil, Tredje kongebok, Johannes bok og Simons bok Saman med den satiriske Romanen om Mongstad kan desse lesast som eit grunnleggjande oppgjer med etterkrigstidas norske sosialdemokrati.

Georg Johannesen var ein av dei mest hardtslåande essayistane i norsk litteratur, og i essaya så vel som i dikta hadde han ein kjærleik til paradokset, det plutselege tankespranget og dei provoserande samanstillingane.

Georg Johannesen døydde under ein ferietur i Egypt den 24 desember 2005.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Høst i mars
  • 1978: Tredje kongebok
  • 1978: Johannes' bok
  • 1980: Simons bok
  • 1988: Romanen om Mongstad (under pseudonymet Guri Johns)

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Kassandra

Faglitteratur, essays m.m.[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Om den norske tenkemåten
  • 1975: Om varelyrikk og brukslyrikk
  • 1981: Om den norske skrivemåten
  • 1987: Rhetorica Norvegica
  • 1992: Retorikkens tre ansikter
  • 1993: Draumkvedet
  • 1994: Moralske tekster
  • 1996: Den første sommerfugl : bidrag til Henrik Wergelands resepsjonshistorie
  • 2000: Litteraturens norske nullpunkt
  • 2003: Nytt om Ibsen og andre essays
  • 2005: Eksil - Om Klosterlasse og andre eksempler
    Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.