Hopp til innhald

Tortilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tortilla gordita de manteca.
Tortillamaking skildra i Codex Mendoza.
Las Tortilleras av Pierre-Frederic Lehnert frå tidleg 1800-tal.

Tortilla er spansk for ‘lita kake’, og kan visa til ulike matrettar. I Spania og ein del andre spanskspråklege område kan det visa til ulike typar omelett, men i Sentral-Amerika, Mexico og i store delar av verda elles viser det til eit steikt flatt brød bakt med kveite eller mais. Desse tortillaene blir brukt i kjende retter som taco, enchilada og burrito.

Den spanske uttalen av «tortilla» er [torˈtiʎa] i Europa og [torˈtiʝa] i Mexico. I Noreg uttaler ein ofte namnet slik det er skrive, tortilla, eller tortilja.

For meir om dette emnet, sjå Maistortilla.

Tortillaer laga av nixtamalisert maismjøl (masa de maíz) er den eldste typen amerikansk tortilla. Dei stammar frå Mexico og Sentral-Amerika, og har blitt populære i heile Amerika. Folk i Oaxaca-regionen i Mexico skal ha laga tortillaer for fyrste gong ved enden av Villa-stadiet (1500-500 f.Kr.).[1] Ved slutten av 1800-talet blei dei fyrste mekaniske apparata for å laga tortillaer utvikla, kjende som tortillapresser, tortilleras eller tortilladoras, utvikla og produserte i Mexico.

Europearar introduserte kveite til Amerika, og ein byrja laga tortillaer av kveitemjøl. Denne skikken byrja i Nord-Mexico.

Kveitetortillaer inneheld feitt som olje eller smult, salt, ofte hevemiddel som bakepulver og andre ingrediensar. Elles er tilverkinga av kveitetortillaer på ein comal identisk med den av maistortillaer. Kveitetortilla blir nytta til rettar som burrito, taco og fajita. Dei er del av det daglege kosthaldet i heile Mexico, Sentral-Amerika og nokre delar av USA.

Nopaltilla

[endre | endre wikiteksten]

Nopaltilla er ein tortilla laga av kaktus- og maismjøl.[2] Ordet er sett saman av nopal, som er spansk for fikenkaktus (Opuntia ficus-indica), og tortilla.[3][4]

Spansk potettortilla

[endre | endre wikiteksten]

Tortilla de patatas, tortilla de papas, tortilla española eller spansk omelett er ein rett laga av egg og potet med form som ein tjukk tortilla.

  1. Winter, Marcus (1992). Oaxaca: the Archaeological Record (2. utg.). Minutiae Mexicana. ISBN 968-7074-31-0. OCLC 26752490.
  2. «Cactus tortillas offer a novel take on traditional food». Arizona Daily Star (på engelsk). 20. februar 2012. Henta 28. desember 2025.
  3. Bernal, Marisa (20. februar 2012). «Cactus tortillas offer a novel take on traditional food». Arizona Daily Star (på engelsk). Henta 19. juli 2020.
  4. Vercammen, Paul (17. mars 2009). «Can green tortillas create new jobs?». AC360° (på engelsk). CNN. Arkivert frå originalen 23. mars 2021. Henta 19. juli 2020.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tortilla