Trabekelverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei forstørring av kammervinkelen. Trabekelverket er merka som Trabecular tissue.

Trabekelverket (av latin «reticulum trabeculare sclerae») er eit område med vev i auga som ligg ved golvet av hornhinna, omkring kammervinkelen i nærleiken av strålelekamen, og som har ansvar for å drenere kammervatnet frå auga gjennom det fremre augekammeret.[1]

Vevet er svampete og fôra med trabeklar (porer); dette gjer det mogleg for væska å renne ned i Schlemms kanal og vidare ut i kretsløpet.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Verket er delt opp i tre delar etter karakteristiske ulikskapar i ultrastrukturane.

Trabekelverket får til ei lita grad hjelp med å drenere kammervatnet frå eit anna avløp, den uveosklerale drenasjen (òg kalla det uveosklerale avlaupet). Omkring 5—10% av utstraumen går gjennom dette avlaupet. Den uveosklerale drenasjen aukar ved bruk av glaukompreparat som til dømes prostaglandinar (xalatan, travatan).

Ein trudde tidlegare at trabekelverket oppstod frå eit punkt (apeks) som korresponderte med termineringa av Schwalbes linje, men ein veit no at den strekker seg inn i hornhinna og former Duas lag.[2]

Klinisk relevans[endre | endre wikiteksten]

Glaukom[endre | endre wikiteksten]

Glaukom (grøn stær) skuldast truleg auka intraokulært trykk.[1] Trykket aukar viss det kjem for mykje kammervatn, eller viss utstraumen av kammervatn minskar som følgje av forsnevring i trabeklane. Trabekelverket er ansvarleg for storparten av avlaupet for kammervatn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sandvig, Kjell (13. februar 2009). «trabekelverket». Store norske leksikon. Henta 19. januar 2015. 
  2. Dua HS, Faraj LA, Branch MJ, et al. (2014) BJO. Collagen matrix of the human trabecular meshwork


Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.