Trondhjems len

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trondhjems len og Bornholm, markert med grønt, høyrde under Sverige i to år, frå 1658 til 1660

Trondhjems len (svensk: Trondheims län) er eit tidlegare len i Noreg. Frå 1500-talet og fram til innføringa av eineveldet i 1660 var Trondhjems len eitt av fire hovudlen eller slottslen. Etter reformasjonen i 1537, vart Noreg administrativt delt inn i 25 len. Nordafjells vart det i sanninga ikkje forandra på dei lena og fylka som var sterkt innarbeidd. Også i tida etter innføringa av eineveldet i 1660 var det ein skilnad i tilhøva Nordafjells. Det står tildømes i fororda til Christian 4 norske lov at loven skal anvendes annerleis Nordafjells. Under eneveldet er det Kongen av Danmark-Noreg sende unge danske adelsmenn til Noreg for å driva inn skatter og avgifter, og syrgja for at kongen i København fekk sin del. Sønnafjells tilkom denne oppgåva etterkvart prestane, som på statthaldarens vegne bar en kasse på omgang , til innsamling av skattane som etterkvart vart innførde under det danske styret. Det vart ikkje tilfellet Nordafjells (Trondhjems len) ingen danske lensherrar tok sete i det symboltunge Erkebispegården som hadde vore sentrum for det katolske føydalsete i Trøndelag. Men kanslar Ove Bjelke tok sete der i nokre år. Trondhjem, Det vart kongen sin politikk att ingen skulle stå mellom han og bønder her. Inn under Trondhjems len høyrde den gongen òg Jemtland og Herjedalen. Etter Freden i Brömsebro av 1645 har desse områda vore ein del av Sverige. Trondhjems len var svensk frå 1658 til 1660. Trondhjems len omfatta dei seinare fylka Nord-Trøndelag fylke, Sør-Trøndelag fylke i tillegg til delar av Møre og Romsdal fylke (Romsdal og Nordmøre). Trondhjems len vart svensk den 26. februar 1658 gjennom freden i Roskilde, og vart gjeve attende til Danmark-Noreg den 27. mai 1660 ved freden i København. Svensk guvernør i denne tida var Claes Nilsson Stiernsköld.

Freden i Roskilde i 1658, svenske erobringar markert med grønt

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]