Tryin' to Get to You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tryin' to Get to You
Singel av The Eagles
A-side

Please, Please

Språk engelsk
Utgjeve 1954
Selskap Mercury Records
Komponist Rose Marie McCoy, Charles Singleton
Tekstforfattar Rose Marie McCoy, Charles Singleton
Låtskrivar(ar) McCoy, Singleton
Tryin' to Get to You
Singel av The Teen Kings / vokal Roy Orbison
B-side

«Ooby Dooby»

Språk engelsk
Utgjeve April 1956
Innspelt 4. mars 1956
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:49
Selskap Je-Wel
Komponist Rose Marie McCoy, Charles Singleton
Tekstforfattar Rose Marie McCoy, Charles Singleton
Låtskrivar(ar) McCoy, Singleton
The Teen Kings / vokal Roy Orbison-kronologi 
Tryin' to Get to You «Ooby Dooby»
(1956)


Tryin' to Get to You
av Elvis Presley
frå albumet Elvis Presley
B-side

I Love You Because

Språk engelsk
Utgjeve August 1956
Innspelt 11. juli 1955
Sjanger Rockabilly
Selskap RCA Victor
Komponist Rose Marie McCoy, Charles Singleton
Tekstforfattar Rose Marie McCoy, Charles Singleton
Låtskrivar(ar) McCoy, Singleton

«Tryin' to Get to You» er ein song skriven av Rose Marie McCoy og Charles Singleton. Han vart opphavleg spelt inn av vokalgruppa The Eagles i 1954 og gjeve ut sommaren 1954 på Mercury Records 70391.[1][2]

Songen vart spelt inn av Elvis Presley i 1955 for Sun Records. Presley spelte inn fem versjonar av songen. Den første den 23. mars 1955 og den andre 11. juli 1955. Den andre innspelinga vart gjeven ut medan han levde. Han har òg spelt inn konsertopptak av songen på Elvis (NBC TV), Elvis: As Recorded Live on Stage in Memphis og Elvis in Concert. Den tidlegare versjonen kom ut i 1999 på albumet Sunrise og Presley spelte inn denne medan han samstundes spelte piano. Fordi pianoet ikkje var opp den forventa standarden, sletta produsenten Sam Phillips lyden av pianoet frå masterlydbandet, slik att ein i tillegg til vokalen til Elvis berre kan høyre sologitaren, bass og trommer.[3] Vokalen til Presley verkar å vere inspirert av slik The Eagles song songen,[4][5][6]

Songen vart gjeven ut i 1956 på debutalbumet til Presley for RCA, Elvis Presley. Han er òg med på den kjende The Sun Sessions frå 1976.

«Trying To Get To You» vart så gjeven ut av The Teen Kings med Roy Orbison i april 1956 som Je-Wel JE-101 med «Ooby Dooby» på B-sida.[7] Ein versjon av Johnny Carroll følgde,[8] for Decca Records den 19. mai 1956 (Decca 9-29940). Ricky Nelson var så den neste som spelte inn songen.

Etter Eric Burdon framførte han fleire gonger på konsertane sine, starta han opp att The Animals i 1983 og spelte inn songen i studio. Han er med på albumet Ark.

Sidan er han spelt inn av Johnny Rivers, Faith Hill, Susie Arioli, Gene Summers og mange andre.

Songen var omarbeidd av Paul McCartney til «In Spite of All the Danger», den første originale songen spelt inn av the Quarrymen, førgjengaren til Beatles.[9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnold Rypens, history of Trying To Get To You, arkivert frå originalen 28. september 2011, henta 20. februar 2015 
  2. David Neale, origin of Trying To Get To You[daud lenkje]
  3. Liner notes, Sunrise, RCA Records, 2002.
  4. MP3 (1954 R&B) Eagles - Trying To Get To You
  5. Michael Hicks, Sixties Rock, 2002, p.148
  6. Lady Writes The Blues: The Life Of Rose McCoy, text and audio at NPR website
  7. «Orbison, Roy (RCS Artist Diskografi)». Rcs-discography.com. Henta 19. februar 2015. 
  8. «Johnny Carroll and Judy Lindsey». Rockabillyeurope.com. 23. oktober 1937. Henta 19. februar 2015. 
  9. Chris Ingham, The Rough Guide to the Beatles, Rough Guides, 2009.
  10. Way Beyond Compare: The Beatles' Recorded Legacy, 1957-1965, Three Rivers Press, 2008, p.2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]