Elvis Presley av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elvis Presley
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 23. mars 1956
Innspelt Juli 1954 til januar 1956
Sjanger Rock and roll, rockabilly, country[1]
Lengd 28:03
Selskap RCA Victor
Produsent Sam Phillips (Sun-innspelingar)
Steve Sholes (RCA-innspelingar)
Elvis Presley-kronologi
Elvis Presley Elvis
(1956)
Singlar frå Elvis Presley
  1. «I Got a Woman»
    Utgjeve: 1956
  2. «I'll Never Let You Go (Little Darlin')»
    Utgjeve: August 1956
  3. «Tryin' to Get to You»
    Utgjeve: August 1956
  4. «Blue Suede Shoes»
    Utgjeve: 8. september 1956
  5. «Blue Moon»
    Utgjeve: 1956
  6. «Money Honey»
    Utgjeve: 1956
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
MusicHound 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Rough Guides 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Sputnikmusic 5.0/5[5]

Elvis Presley (gjeve ut i Storbritannia som Elvis Presley Rock n' Roll[6]) er det første studioalbumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut på RCA Victor i mono i mars 1956. Innspelingane fann stad 10. og 11. januar i RCA Victor sitt platestudio i Nashville i Tennessee, og så 30. og 31. januar i RCA Victor sine studio i New York. I tillegg inneheldt albumet songar som vart spelt inn i Sun Studio i Memphis i Tennessee, den 5. juli, 19. august og 10. september 1954 og den 11. juli 1955.[7]

Albumet låg ti veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista i 1956, det første rock and roll-albumet som nokon gong nådde toppen av denne lista,[8] og det første albumet innan sjangeren som selde ein million eksemplar.[9] I 2003 vart det rangert på 56. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidenen.[10] Elvis Presley var òg eitt av tre Presley-album som vart oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, i lag med Elvis Is Back! og From Elvis in Memphis.[11] Det selde til gullplate 1. november 1966 og platinaplate 8. august 2011 hos Recording Industry Association of America.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I andre halvdel av 1955 byrja singlane Presley spelte inn hos Sun Records å klarte på den nasjonale country and western-lista, «Baby Let's Play House» og «I Forgot to Remember to Forget» so nådde høvesvis 5. og 1. plassen.[13] Colonel Tom Parker, den nye manageren til Presley hadde lang erfaring med RCA via den tidlegare klienten sin, songaren Eddy Arnold, særleg med sjefen for Country and Western- og Rhythm and blues-avdelinga, Steve Sholes.[14] Etter oppfordring frå Parker, kjøpte Sholes den 21. november 1955 kontrakten til Presley frå Sam Phillips, sjefen for Sun Records og Studio, for ein uhøyrt sum på 35 000 dollar. Presley og rock and roll hadde enno ikkje slått an og var stort sett ukjend for dei store plateselskapa, men dette albumet, og hitsingelen «Heartbreak Hotel», synte det store potensialet. Det vart det første popalbumet til RCA som tente meir enn ein million dollar,[9] og i 1966 hadde det seld over ein million eksemplar.[9][15]

Presley spelte fire veker på rad på fjernsynsprogrammet til Dorsey Brothers, Stage Show tidleg i 1956, den 28. januar, 4., 11. og 18. februar.[16] RCA ønskte å få eit album ut i butikkane raskt for å utnytte TV-sendingane og suksessen til den første hitsingelen «Heartbreak Hotel», som raskt klatra til toppen av singellista den 27. januar. Samstundes hadde Presley berre hatt to innspelingssesjonar for RCA Victor, før han drog ut på turné att. Desse to innspelingane hadde gjeve elleve songar, nesten nok til å fylle eit album, men somme av songane hadde singelpotensiale. I 1950-åra var det vanleg at dei songane som hadde størst kommersielt potensiale vart gjevne ut som singlar, og dei mindre kommersielle vart plasserte på albuma. RCA Victor tok derfor ikkje berre desse elleve songane og laga eit album, eller tok med den alt populære «Heartbreak Hotel». Rettane til Sun Studio-innspelingane til Presley vart overført til RCA då dei fekk kontrakten hans, så fem Sun-songar som ikkje var gjevne ut før, «I Love You Because», «Just Because», «Tryin' to Get to You», «I'll Never Let You Go (Little Darlin')» og «Blue Moon» vart lagt til sju av songane frå RCA-innspelinga, slik at albumet fekk ei akseptabel lengd.[9] Phillips produserte innspelignane ved Sun, men det vart ikkje oppført ein offisiell produsent for innspelingane for RCA Victor, og ein trur at Presley kan ha produsert dei sjølv.[17]

Sidan Sun-innspelingane stort sett var country-songar, valte Elvis og RCA ut coverversjonar av nylege rhythm and blues-songar for resten av albumet. To av desse, «Money Honey» av Jesse Stone, kjend for Elvis frå ein versjon av Clyde McPhatter, og Ray Charles-hitten «I Got a Woman» frå 1955, hadde blitt spelt på konsertane til Presley det siste året.[18] Ein tredje cover var Little Richard-songen «Tutti Frutti» frå 1955. Ein rockabillysong ein trudde hadde potensialet til å bli ein stor hit, «Blue Suede Shoes», vart først ikkje gjeve ut på singel då Sholes hadde lova til Sam Phillips å verne karrieren til ein annan Sun-artist, Carl Perkins, som hadde skrive songen.[19] I staden vart songen plassert som opningssporet på albumet.

31. august 1956 gjekk RCA Victor til det uvanlege steget å gje heile albumet ut på singlar, noko som utan tvil var medverkande til at den nye singelen, som kom samstundes, «Shake, Rattle and Roll» med «Lawdy Miss Clawdy», ikkje gjekk inn på listene. «Blue Suede Shoes», vart gjeven ut som ein singel som ein del av dette eksperimentet til RCA, og dei heldt lovnaden til Phillips og Perkins sidan det var gått meir enn åtte månader sidan songen kom ut på Sun. Singelen nådde 20. plassen på singellista. RCA gav ut dei originale 12 songane i falsk stereo på CD i 1984. Denne utgåva vart raskt trekt attende og albumet kom ut på ny i den originale mono-lyden. I 1999 vart albumet gjeve ut på ny med ei anna rekkefølgje på songane og seks bonusspor frå tre singlar, inkludert «Heartbreak Hotel» og «I Want You, I Need You, I Love You». I 2005 vart albumet gjeve ut på ny og remastra med DSD-teknologi og dei seks bonusspor lagt til på slutten. Ei dobbel utgåve kom ut på Follow That Dream den 15. august 2006 med fleire bonusspor og alternative versjonar.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomlaget vart rangert på 40. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste plateomslaga, som vart publisert i 1991.[20] Fotografiet vart teken i Fort Homer Hesterly Armory i Tampa i Florida, den 31. juli 1955.[21] Først trudde ein at Popsie Randolph tok det ikoniske biletet, sidan han var den einaste fotografen som var omtalt på omslaget, men i august 2002 dokumenterte Joseph A. Tunzi at den eigentlege fotografen var William V. «Red» Robertson frå Robertson & Fresch. Popsie-bileta var på baksida av albumet, teken i New York City tidleg i desember 1955, kort tid etter Presley hadde signert for RCA Victor.

Designet vart kopiert av The Clash i 1979 for omslaget til albumet London Calling. Dette albumet låg på 39. plassen på lista til Rolling Stone. Andre artistar som har kopiert omslaget er Tom Waits i 1985 på Rain Dogs, Distorted Dimensions av Mad Sin i 1990, F-Punk av Big Audio Dynamite i 1995 og Reintarnation i 2006 av k.d. lang. Singelomslaget til den kontroversielle singelen «Tony Blair» av Chumbawamba har òg eit liknande design.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalutåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «Blue Suede Shoes»   Carl Perkins 30. januar 1956 2:00
2. «I'm Counting On You»   Don Robertson 11. januar 1956 2:25
3. «I Got a Woman»   Ray Charles, Renald Richard 10. januar 1956 2:25
4. «One-Sided Love Affair»   Bill Campbell 30. januar 1956 2:11
5. «I Love You Because»   Leon Payne 5. juli 1954 2:43
6. «Just Because»   Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin 10. september 1954 2:34
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Lengd
1. «Tutti Frutti»   Dorothy LaBostrie, Richard Wayne Penniman 31. januar 1956 1:59
2. «Tryin' to Get to You»   Rose Marie McCoy, Charles Singleton 11. juli 1955 2:31
3. «I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)»   Howard Biggs og Joe Thomas 31. januar 1956 2:01
4. «I'll Never Let You Go (Little Darlin')»   Jimmy Wakely 10. september 1954 2:24
5. «Blue Moon»   Richard Rodgers og Lorenz Hart 19. august 1954 2:40
6. «Money Honey»   Jesse Stone 10. januar 1956 2:36

1999-utgåva med bonusspor[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Heartbreak Hotel»   Mae Axton, Tommy Durden, Elvis Presley 2:08
2. «I Was the One»   Aaron Schroeder, Claude Demetrius, Hal Blair, Bill Peppers 2:34
3. «Blue Suede Shoes»   Carl Perkins 1:58
4. «I'm Counting on You»   Don Robertson 2:24
5. «I Got a Woman»   Ray Charles og Renald Richard 2:23
6. «One-Sided Love Affair»   Bill Campbell 2:09
7. «I Love You Because»   Leon Payne 2:42
8. «Just Because»   Sydney Robin, Bob Shelton, Joe Shelton 2:32
9. «Tutti Frutti»   Dorothy LaBostrie og Richard Penniman 1:58
10. «Tryin' to Get to You»   Rose Marie McCoy og Charles Singleton 2:31
11. «I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)»   Howard Biggs og Joe Thomas 2:01
12. «I'll Never Let You Go (Little Darlin')»   Jimmy Wakely 2:24
13. «Blue Moon»   Richard Rodgers og Lorenz Hart 2:31
14. «Money Honey»   Jesse Stone 2:34
15. «Lawdy Miss Clawdy»   Lloyd Price 2:08
16. «Shake, Rattle & Roll»   Jesse Stone (som Charles Calhoun) 2:37
17. «My Baby Left Me»   Arthur Crudup 2:12
18. «I Want You, I Need You, I Love You»   Lou Kosloff og George Mysels 2:40

2005-utgåva med bonusspor[endre | endre wikiteksten]

Same innhaldet som 1999-utgåva, men med songane i same rekkefølgja som på originalplata, etterfølgd av dei seks bonusspora.

2006-utgåva frå FTD[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Lengd
1. «Blue Suede Shoes»   2:01
2. «I'm Counting on You»   2:24
3. «I Got a Woman»   2:25
4. «One-Sided Love Affair»   2:11
5. «I Love You Because»   2:40
6. «Just Because»   2:33
7. «Tutti Frutti»   1:59
8. «Trying to Get to You»   2:33
9. «I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)»   2:04
10. «I'll Never Let You Go (Little Darlin')»   2:25
11. «Blue Moon»   2:43
12. «Money Honey»   2:36
13. «Heartbreak Hotel»   2:09
14. «I Was the One»   2:33
15. «Lawdy, Miss Clawdy»   2:10
16. «Shake, Rattle and Roll»   2:27
17. «My Baby Left Me»   2:13
18. «I Want You, I Need You, I Love You»   2:44
19. «I Got a Woman» (Ufullstendig, ukjend opptaksnummer) 1:32
20. «I Got a Woman» (Ukjent opptaksnummer) 2:26
21. «Heartbreak Hotel» (Ufullstendig opptak 4) 1:07
22. «Heartbreak Hotel» (Opptak 5) 2:17
23. «Heartbreak Hotel» (Opptak 6) 2:16
24. «Money Honey» (Fragment) 0:08
25. «Money Honey» (Opptak 6) 0:24
26. «Money Honey» (Ufullstendig opptak 10) 1:27
27. «I'm Counting on You» (Opptak 1) 2:20
28. «I'm Counting on You» (Opptak 13) 2:33
29. «I'm Counting on You» (Ufullstendig opptak 14) 2:19
30. «I Was the One» (Opptak 1) 0:13
31. «I Was the One» (Opptak 2 – false start) 0:11
32. «I Was the One» (Opptak 2) 2:32
33. «I Was the One» (Opptak 3 – false start) 0:12
34. «I Was the One» (Opptak 3- ufullstendig) 0:56
35. «I Was the One» (Opptak 7a – ikkje master) 2:41
36. «I Was the One» (Ufullstendig, ukjend opptaksnummer) 1:31
Disk to
# Tittel Lengd
1. «I'm Counting on You» (Opptak 1) 0:37
2. «I'm Counting on You» (Ufullstendig opptak 2) 1:35
3. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 1) 2:40
4. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 3) 2:21
5. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 4) 2:17
6. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 5) 2:20
7. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 6) 2:19
8. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 7) 1:52
9. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 8) 0:59
10. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 9) 2:16
11. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 10) 2:27
12. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 11) 0:13
13. «Lawdy, Miss Clawdy» (Opptak 12) 2:20
14. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 1) 0:38
15. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 2) 2:34
16. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 3) 0:19
17. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 5) 0:47
18. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 6) 0:34
19. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 7) 2:41
20. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 8) 2:34
21. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 9) 0:20
22. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 10) 0:12
23. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 11) 0:14
24. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 12) 1:41
25. «Shake Rattle and Roll» (Opptak 12 – uredigert master) 2:36
26. «I Want You, I Need You, I Love You»   0:07
27. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 3) 3:05
28. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 4) 2:56
29. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 5 – fragment) 0:14
30. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 13) 2:57
31. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 14 – ufullstendig) 1:50
32. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 15) 2:55
33. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 16) 2:54
34. «I Want You, I Need You, I Love You» (Opptak 17) 2:49
35. «Don Davis Interviews Elvis Presley»   3:53

Legacy Edition-utgåva frå 2011[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Blue Suede Shoes»   Carl Perkins 1:58
2. «I'm Counting on You»   Don Robertson 2:24
3. «I Got A Woman»   Ray Charles og Renald Richard 2:23
4. «One-Sided Love Affair»   Bill Campbell 2:09
5. «I Love You Because»   Leon Payne 2:42
6. «Just Because»   Sydney Robin, Bob Shelton, Joe Shelton 2:32
7. «Tutti Frutti»   Dorothy LaBostrie og Richard Penniman 1:59
8. «Tryin' to Get to You»   Rose Marie McCoy og Charles Singleton 2:33
9. «I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)»   Howard Biggs og Joe Thomas 2:05
10. «I'll Never Let You Go (Lil' Darlin')»   Jimmy Wakely 2:25
11. «Blue Moon»   Richard Rodgers og Lorenz Hart 2:43
12. «Money Honey»   Jesse Stone 2:36
13. «Heartbreak Hotel»   Mae Axton, Tommy Durden, Elvis Presley 2:08
14. «I Was the One»   Aaron Schroeder, Claude DeMetrius, Hal Blair, Bill Peppers 2:34
15. «My Baby Left Me»   Arthur Crudup 2:12
16. «Lawdy Miss Clawdy»   Lloyd Price 2:08
17. «Shake, Rattle & Roll»   Jesse Stone 2:37
Side two
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Rip It Up»   Robert Blackwell og John Marascalco 1:50
2. «Love Me»   Jerry Leiber og Mike Stoller 2:41
3. «When My Blue Moon Turns to Gold Again»   Gene Sullivan and Wiley Walker 2:18
4. «Long Tall Sally»   Robert Blackwell, Enotris Johnson, Richard Penniman 1:51
5. «First in Line»   Aaron Schroeder og Ben Weisman 3:21
6. «Paralyzed»   Otis Blackwell and Elvis Presley 2:18
7. «So Glad You're Mine»   Arthur Crudup 2:18
8. «Old Shep»   Red Foley 4:10
9. «Ready Teddy»   Robert Blackwell and John Marascalco 1:55
10. «Anyplace is Paradise»   Joe Thomas 2:26
11. «How's the World Treating You?»   Chet Atkins og Boudleaux Bryant 2:23
12. «How Do You Think I Feel»   Webb Pierce og Wiley Walker 2:10
13. «I Want You, I Need You, I Love You»   Lou Kosloff og George Mysels 2:40
14. «Hound Dog»   Jerry Leiber og Mike Stoller 2:16
15. «Don't Be Cruel»   Otis Blackwell og Elvis Presley 2:30
16. «Anyway You Want Me (That's How I Will Be)»   Cliff Owens og Aaron Schroeder 2:13
17. «Too Much»   Lee Rosenberg og Bernard Weinman 2:31
18. «Playing for Keeps»   Stan Kesler 2:50
19. «Love Me Tender»   Vera Matson og Elvis Presley 2:41

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Lister Plassering
1956 Billboard Pop Albums 1
UK Albums Chart[6] 1
Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[22] Platina 1,000,000[9]

Single

År Single Lister Plassering
1956 «Blue Suede Shoes» Billboard Pop Singles 20
«Money Honey» 76
«Blue Moon» 55

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 AllMusic review
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 18. september 2013. https://web.archive.org/web/20130918054850/http://www.rollingstone.com/music/artists/elvis-presley/albumguide. Henta 27. september 2016. 
  4. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 109–10. ISBN 1-84353-417-7. 
  5. Sputnikmusic review
  6. 6,0 6,1 «Chart Stats – Elvis Presley – Elvis Presley Rock n' Roll». chartstats.com. http://www.chartstats.com/albuminfo.php?id=1507. Henta 27. september 2016. 
  7. «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». RIAA. 2013. http://www.keithflynn.com/recording-sessions/50_index.html. Henta 27. september 2016. 
  8. Billboard, v. 108, Nr. 21, s. 106, May 25, 1996, henta 27. september 2016
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Victor, Adam (2008). The Elvis Encyclopedia. Gerald Duckworth & Co Ltd. s. 136. ISBN 978-0-7156-3816-3. 
  10. Rolling Stone | News
  11. «1001 Albums You Must Hear Before You Die». RIAA. http://1001beforeyoudie.com/1001_albums_uk.html. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis»
  12. «Searchable datebase». RIAA. 2013. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?content_selector=gold-platinum-searchable-database. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis» og gå til side 1 og 36
  13. Sources:
    • Burke, Ken; Griffin, Dan (2006). The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press. s. 47. ISBN 1-55652-614-8. 
    • Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 272. 
  14. Nash, Alanna. The Colonel. New York: Simon and Schuster, 2003; ISBN 0-7432-1301-7; s. 107–111.
  15. «Searchable Database». RIAA. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Presley,+Elvis%22#. 
  16. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley, A Life In Music. New York: St. Martin's Press, 1998; ISBN 0-312-18572-3, s. 41
  17. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley, A Life In Music. New York: St. Martin's Press, 1998; ISBN 0-312-18572-3, s. 35 and 38
  18. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, insert booklet, s. 20.
  19. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, insert booklet, s. 24.
  20. «Rolling Stone's 100 Greatest Album Covers». rateyourmusic.com. http://rateyourmusic.com/list/fedderedder/rolling_stones_100_greatest_album_covers/. Henta February 23, 2014. 
  21. «Armory shook up history of Tampa» – The Tampa Tribune, Dec. 11, 2011
  22. «American album salstrofé – Elvis Presley – Elvis Presley». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Elvis+Presley%22.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


57:
 Songs in the Key if Life 
Stevie Wonder
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
56


Elvis PresleyElvis Presley

55:
 Electric Ladyland 
The Jimi Hendrix Experience