Tusjmåleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tusjmåleri (kinesisk shuǐ mò huà 水墨畫 eller 水墨画; koreansk sumukhwa 수묵화; japansk sumi-e 墨絵 eller suiboku-ga 水墨画) er ei tradisjonell austasiatisk kunstform der ein nyttar pensel med svart, vassløyseleg tusj for både linjer og laveringar på eit underlag av absorberande papir eller silke. Det er ein opphavleg kinesisk teknikk med gamle aner, som tidleg spreidde seg til resten av Aust-Asia, og har òg vore mykje brukt i samtidskunst.[1]

Furuer (venstre halvdel av diptyk)
Tusj på papir, 157 x 356 cm
Hasegawa Tōhaku (seint 1500-tal)

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Materialet er i stor grad det same som i tradisjonell kinesisk kalligrafi.

Pensel og tusjstong på ein tusjstein.

Tusj[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle tusjen består av sotpigment i eit vassløyselg bindemiddel av animalske limstoff, og er altså ein type limfarge.[2] Han blir ofte kjøpt i tørr og samanpressa form som såkalla tusjstong, som når ein skal nytta det blir rivensaman med litt vatn på ein tusjstein.[3] Grovleiken til tusjsteinen avgjer partikkelstorleiken i den ferdige tusjen.[4] Det går òg å kjøpa ferdigblanda, flytande tusj.

I byrjinga brukte ein fyrst og fremst sot frå furutrevirke, som gav ein svært svart og matt yte. Sidan Mingdynastiet har det føretrekte pigmentet i staden blitt framstilt med vegetabilske oljer; det har ein noko blåaktig tone og ei meir skinnande overflate.[3][4] Det har markert lysektheit og er opakt, dekkande, i full styrke.

Andre fargar[endre | endre wikiteksten]

Tidleg vår
Tusj og farge på silke
Guo Xi (1072)

Ved tillegg av eventuelle andre fargar enn svart bruker ein pigment blanda med same limbindemiddel som i tusjen. Det finst også som stenger som ein riv på tusjsteinen, men oftare kjøper ein dei som pulver som ein blandar med limbindemiddelet når dei skal bruast.[4]

Tradisjonelt har dei vanlegaste mineralske pigmenta vore azurblått, malakittgrønt, umbra og blykvitt, medan dei vanlegaste organiske pigmenta vore indigo og gummigutta.[4]

Penslar[endre | endre wikiteksten]

Penslane har ein fyldig, rund børste som når dei er fuktige dannar ein fin spiss i tuppen. Ein vel vanlegvis noko mjukare penslar enn ved kalligrafi, men dei er av same type.[4] Dei finst i ulike storleikar og typar, men så lenge ein ikkje byter farge, blie det sett på som særskilt elegant å bruka same pensel for heile måleriet.[4]

Ein kan bruka hår frå fleire ulike dyr til penslar, åleine eller i kombinasjon, avhengig av kva eigenskapar ein ønsker. Nokre døme er:[5][6]

  • Geitehår gjev ein mjuk børste som kan ta opp mykje væske.
  • Sibirflodilder gjev ein børste som er stivare og spenstigare enn geitehår.
  • Hare kan gje både hår som er harde og lange, eller mjuke.

Underlag[endre | endre wikiteksten]

Landskap
Tusj på papir
Sesshū Tōyō (1495)

Underlaget er oftast eit absorberande papir, til vanleg kalla rispapir, der handlaga xuanpapper (oppkalla etter Xuanzhou) har hatt særskilt høg respekt sidan Tangdynastiet.[7][8] Det blir laga av borken frå ulike planter eller tre, til dømes morbærtre, avhengig av papirtype. Papiret blir framstilt i variantar med eit, to eller fleire lag, der papir laga av eit enkelt lag er det mest absorberande.[8]

Eit ubehandla xuanpapir kan vera svært absorberande og passar bra for ein rask og spontan teknikk. Om ein stryk over det med ei alun-haldig limblanding får ein eit papir som er mindre absorberande, noko som gjev målaren større kontroll over tusjen og tillèt finare detaljar.[8][4] Den limpreparerte overflata er samtidig jamnare, noko som òg påverkar resultatet. Før gjorde artisten dette sjølv, men i dag er det vanleg å kjøpa ferdigpreparert papir.

Silke har med tida blitt mindre vanleg enn papir som underlag, mellom anna fordi eit vellaga papir blir sett på som meir varig.[4] Silke må preparerast før ein måler. Den grovare yta gjer at det med limblanding omtrent tilsvarer strukturen til upreprarert papir.[4]

I dag finst det òg kanvas ein kan buka til tusjmåleri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tangdynastiet (618–907)[endre | endre wikiteksten]

I den kinesiske kunsten hadde kalligrafi tidleg svært høg status. Under Tangdynastiet (618–907) blei det vanleg å nytta same materiale for måleri med landskapsmotiv, shanshui hua.[9]

Den nordlege og sørlege skulen[endre | endre wikiteksten]

Vind i furuer blant ei mengd dalar
Tusj og farge på silke
Li Tang (1124)

Ein pleier skilja mellom to hovudstilar, eller skular, som skal ha oppstått under Tangdynastiet. Etter ein teori presentert i slutten av 1500-talet av Mo Shilong og følgd av den samtidige kunstkritikaren Dong Qichang blir desse kalla den «nordlege» og «sørlege» skulen, noko som ikkje viser til kvar kunstnarane kom frå, men til eit skilje innan chánbuddhismen (zen) av skular med filosofiar som ifølgje teorien er kopla til kvar stil.[4][10] Dette er omgrep ein har fortsett å bruka, sjølv om inndelinga ofte har vore noko tilfeldig og ikkje alltid har vore basert på reint kunstnarisk grunnlag.[4]


  • Den nordlege skulen er prega av større detaljar og ein meir dekorativ stil, der ein bruker meir vertikalt penselarbeid og linjer blir haldne klare med høg svartheit. Overflatene mellom dei blir deretter fylte med maling, som under Tang-dynastiet ofte var blå og grøn, og dessutan eventuelle gulltonar for å understreka linjer.[4][11]
  • Den sørlege skulen tilsvarer den såkalte «litterære stilen», som har meir av monokromt blekkmåleri, med meir spontane element, mindre fokus på bilde og meir på å fange ei kjensle eller stemning. Her bruker ein meir lågt penselarbeid, linjer blir ofte brotne opp opp og lavering av det svarte blekket, som er fortynna til like tonar, erstattar bruk av andre farger.[4][11]

Songdynastin (960–1279)[endre | endre wikiteksten]

Tusjmåleriet hadde ei blømingstid under Songdynastiet (960–1279).[12]

Under Nordlege Song (960–1127) mange flotte landskapsmåleri vart lagt til, med kraftige uttrykk og ofte ein kombinasjon av realisme og poetiske element.[13][14]

Blant skriftlærde blei den litterære stilen dyrka, som med røtene sine i litteratur og poesi òg la større vekt på overføring av den åndelege tolkinga til kunstnaren, som skulle vera kjernen i eit kunstverk.[13][14]

Under Sørlege Song (1127–1279) gjekk måleriet generelt over til meir finjusterte tonar og fekk ofte eit romantisk og drøymande preg.[14]

Mot slutten av perioden oppstod det tusjmåleri i ei lita gruppe som var mykje sterkare påverka av chan-buddhismen enn ein hadde vore før. Mellom anna kunne dette omfatta ein radikal reduksjon av motivet til det mest essensielle, og snarare enn ein tvungen presisjon føretrekte ein spontan skaping. Måleri var òg ein del av å praktisera chan-buddhismen.[15] Sjølv om dei ofte var klassisk skolerte, avveik verka deira for mykje frå tradisjonen til å verdsetjast i det elles konfutsianske prega Kina,[16][17][17] men i Japan, der zenbuddhismen hadde aukande innverknad, fekk verka deira større verdi.[18]

Yuandynastiet (1271–1368)[endre | endre wikiteksten]

Under styret til det mongolske Yuandynastiet (1271–1368) hadde den tradisjonelle kinesiske kunsten eit meir tilbakatrekt tilvere utanfor offentlegheita. Måleriet ved hoffet var stort sett retta mot å vera figurativ og dekorativ.[19]

På same tid fortsette den litterære stilen å utvikla seg blant dei kinesiske lærde som ikkje var ein del av administrasjonen, i ein uttrykksfull og samtidig medvite enkel og implisitt stil.[9][13][19] På denne tida blei koplinga mellom det kinesiske måleriet og kalligrafien forsterka.[20]

1300-talet–1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Vinterlandskap
Tusj på papir
Sesshū Tōyō (ca. 1500)

I Kina fanst det to stilar under Mingdynastiet (1368–1644), der den såkalla Wu-skulen fortsette i litterære stilen, den såkalla sørlege skulen, medan Zhe-skulen kom til å føretrekka stilen frå landskapsmåleria til det Sørlege Song-dynastiet.[9]

Den største utviklinga innan tusjmåleruet fann på denne tida stad i Japan.[21] Kinesisk tusjmåleri hadde allereie spreidd seg til Korea og Japan med chan-/zen-buddhistiske munkar, og gjennom handelsruter og diplomatiske kontaktar, men frå 1300-talet hadde stilen som oppstod under det Sørlege Song-dynastiet stor innverknad på kunsten i det koreanske Joseon-dynastiet (1392–1897) og i Japan, der tusjmåleriet blømra i Ashikaga/Muromachi-perioden (1338–1573).[22] [23] Utviklinga i Japan kom samtidig med at zen-buddhismen blei sterkare der, og chan-buddhistisk kunst frå Kina fekk òg stor innverknad.[18]

I det japanske tusjmåleriet frå denne tida ser ein oftare ein stil med kraftigare toner, meir dramatisk utforming og eit bildeinnhald som er meir redusert til eller konsentrert om det aktuelle temaet, samanlikna med det kinesiske måleriet som oftare viser ein meir atterkehalden og indirekte, poetisk stil.[4][21] [23] Denne skilnaden er likevel ikkje konsekvent, og det går an å finna døme på det motsette både i japanske og kinesiske verk.[4]

Frå 1600-talet[endre | endre wikiteksten]

I Korea auka stilen til den kinesiske sørlege skolen i popularitet frå byrjinga av 1600-talet, men samtidig blei det òg søkt etter ein eigen koreansk stil. Påverknader frå europeisk kunst blei tatt opp i ei første bølgje på 1700-talet.[24] I Japan, derimot, gjekk tusjmåleriet under Edoperioden (1603–1868) mot ein mindre spontan og i staden meir formalistisk stil.[23]

L'Origine du Monde
Tusj på lerret
Li Chevalier (2015)

I Kina oppstod det tidleg under Qingdynastiet (1644–1912) ein ortodoks skule med ein syntese av eldre stilar, frå både den nordlege og den sørlege skulen, som fekk svært stor innverknad. Eit lite tal konstnarer, ofta omtala som individualistar, avveik frå dette med eit tydeleg litterært ideal. Aukande kontaktar med kunst frå andre land, framfor alt frå slutten av 1800-talet, innebar likevel meir av individuelle eksperiment med nye teknikkar og stilar.[13][25]

Påverknader har gått i begge retningar. Det austasiatiske tusjmåleriet sitt uttrykk og formidling av opplevinga til kunstnaren, og dessutan vektlegginga på sjølve malinga, i tillegg til sjølve skildringa, hadde innverknad på utviklinga av både impresjonisme og ekspresjonisme i Europa, og seinare på uformell kunst og abstrakt ekspresjonisme.[12][26] [27]

Sidan midten av 1900-talet har tusjmåleri utvida seg med omsyn til form og innhald, sidan kunstnarar, mellom anna i møte med andre sjangrar, har eksperimentert med nye teknikkar og brukt mediet i nye samanhengar og med nye problemstillingar.[28] [29]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tuschmåleri» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 24. mai 2018.
  2. Chinese Ink and Inkstone Arkivert 6. juni 2018 på Wayback Machine. Asia-Art.net, henta 24. mai 2018.
  3. 3,0 3,1 Chinese Ink and Inkstone Arkivert kopiWayback Machine. Asia-Art.net, Läst 24 maj 2018.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 Fritz van Briessen (1998), The way of the Brush : Painting Techniques of China and Japan. Tuttle Publishing. ISBN 0-8048-3194-7.
  5. Types of natural hairs used for Calligraphy brush hairs production Beyond Calligraphy. Läst 29 maj 2018.
  6. Xuan Brushes for Chinese Brush painting and calligraphy Inkston. Läst 29 maj 2018.
  7. «Tuschmåleri» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 24 maj 2018.
  8. 8,0 8,1 8,2 Calligraphy Paper Types Beyond Calligraphy. Henta 26. mai 2018.
  9. 9,0 9,1 9,2 History of Chinese Painting China Online Museum. Henta 24. mai 2018.
  10. Osvald Sirén (1936): The Chinese on the Art of Painting: Texts by the Painter-Critics, from the Han through the Ch'ing Dynasties Dover Publications, Mineola, New York, 2005. ISBN 0-486-44428-7. Ursprunglig publicering: Peiping (Peking), Henri Vetch, 1936. Henta 30. mai 2018.
  11. 11,0 11,1 Chinese Landscape Painting China Online Museum. Henta 24. mai 2018.
  12. 12,0 12,1 «Tuschmåleri» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 24. mai 2018.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Chinese Painting China Online Museum. Läst 29 maj 2018.
  14. 14,0 14,1 14,2 Chinese painting : Song (960–1279), Liao (907–1125), and Jin (1115–1234) dynasties Encyclopædia Britannica. Läst 24 maj 2018.
  15. Jennifer Baker (2010): The Eight Views: from its origin in the Xiao and Xiang rivers to Hiroshige University of Canterbury. Läst 8 juni 2018.
  16. Alfreda Murck (2000): Poetry and Painting in Song China: The Subtle Art of Dissent Harvard University Asia Center. ISBN 978-0-674-00782-6. Läst 7 juni 2018.
  17. 17,0 17,1 History of Chinese Painting : Song Dynasty (960 – 1279) China Online Museum. Henta 7. juni 2018.
  18. 18,0 18,1 Paramita Paul (2009): Wandering Saints: Chan Eccentrics in the Art and Culture of Song and Yuan China Universiteit Leiden. Henta 7. juni 2018.
  19. 19,0 19,1 Chinese painting : Yuan dynasty Encyclopædia Britannica. Henta 27. mai 2018.
  20. «Kina : Konst» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 29. mai 2018.
  21. 21,0 21,1 «Japan : Konst» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 29. mai 2018.
  22. Great Waves: Chinese Themes in the Arts of Korea and Japan The Metropolitan Museum of Art, 2003. Läst 24 maj 2018.
  23. 23,0 23,1 23,2 Suiboku-ga Encyclopædia Britannica. Henta 24. mai 2018.
  24. Korean art Encyclopædia Britannica. Henta 31. mai 2018.
  25. Chinese painting : Qing dynasty (1644–1911/12) Encyclopædia Britannica. Henta 31. mau 2018.
  26. Myung-Seon Oh (2006): Der Blaue Reiter und der Japonismus Ludwig-Maximilians-Universität, München. Läst 28 maj 2018.
  27. Marion Schwarzmann (5 augusti 2011): Wassily Kandinsky und Franz Marc: »Der Blaue Reiter« Gießener Allgemeine. Läst 28 maj 2018.
  28. Chitralekha Basu, Miriam Zhang (3 augusti 2017): Making a splash with ink art China Daily. Henta 26. mai 2018.
  29. Wei Hsiu Tung (2013): Art for Social Change and Cultural Awakening: An Anthropology of Residence in Taiwan : Art in Taiwan - The Quest for Identity Lexington Books. ISBN 978-0-7391-6586-7. Henta 26. mai 2018.