Tuxedo Junction

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tuxedo Junction
Song av Glenn Miller and His Orchestra
Utgjeve 1938
Selskap RCA Bluebird
Låtskrivar(ar) Buddy Feyne, Erskine Hawkins, Bill Johnson, Julian Dash

«Tuxedo Junction» er ein song skriven av Erskine Hawkins, Bill Johnson, Julian Dash og Buddy Feyne.[1] Songen vart ein stor hit for Glenn Miller and his Orchestra i 1940.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart introdusert av The Erskine Hawkins Orchestra, eit danseband som tidlegare vart kalla Bama State Collegians.[2]

Seint i 1930-åra var Hawkins and his Orchestra eit av husbanda i Savoy Ballroom. Dei spelte ofte i lag med Chick Webb og brukte ofte «Tuxedo Junction» som ein song til å gå av scenen med før neste band kom på, slik at dansinga kunne halde fram uavbroten.[3]

Glenn Miller and His Orchestra hadde den mest suksessrike innspelinga av songen og gjekk til topps på hitlista i USA.[4] «Tuxedo Junction» vart sidan spelt av mange andre band og swingorkester, som Ella Fitzgerald, Duke Ellington, Harry James, Frankie Avalon og Joe Jackson og vart kjenningsmelodien til The Manhattan Transfer, som først spele inn songen på albumet deira The Manhattan Transfer i 1975.[5] Bob Marley brukte denne songen som inspirasjon for hitten «Kaya».

Kjeldeer[endre | endre wikiteksten]

  1. «ASCAP ACE song search». Henta 25. februar 2018. 
  2. «Erskine Hawkins & His Orchestra». AllMusic. Henta 8 November 2017. 
  3. Wanser, Jeff (8 October 2007). «Erskine Hawkins». Encyclopedia of Alabama. Alabama Humanities Foundation. Henta 25. februar 2018. 
  4. Simon, George T. Glenn Miller and His Orchestra. NY: Crowell, 1974.
  5. «Manhattan Transfer Discography». Henta 24. januar 2011.