Duane Eddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Duane Eddy
Duane Eddy 1960.JPG
Eddy i 1960.
Fødd 26. april 1938 (80 år)
Corning i New York i USA
Instrument

Gitar

Sjanger Rock and roll, rockabilly[1]
Aktive år Sidan 1954
Yrke Musikar, skodespelar, komponist.

Duane Eddy (fødd 26. april 1938)[2] er ein USA-amerikansk gitarist. Seint i 1950- og tidleg i 1960-årahadde han ei rekkje hittar produserte av Lee Hazlewood. Desse songane haddde ein karakteristisk «twangy» stil, inkludert «Rebel Rouser», «Peter Gunn», og «Because They're Young».[3] Han hadde seld 12 millionar plater innan 1963.[2]

Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1994,[4] og Musicians Hall of Fame and Museum i 2008.[5]

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Eddy var fødd i Corning i New York og spelte gitar frå han var fem år gammal. I 1951 flytta familien hans til Tucson, og så til Coolidge i Arizona.[2] Då han var 16 år gammal fekk han tak i ein Chet Atkins-modell Gretsch-gitar og danna ein duo, Jimmy and Duane, med venen Jimmy Delbridge (som seinare tok artistnamnet Jimmy Dell).[6] Dei spelte på ein lokal radiostasjon, KCKY, då dei møtte DJ-en Lee Hazlewood. Han produserte ein singel for duoen, «Soda Fountain Girl», som vart spelt inn og gjeven ut i 1955 i Phoenix. Hazlewood produserte så Sanford Clark-hitten «The Fool» i 1956 med gitaristen Al Casey, medan Eddy og Delbridge spelte på radiostasjonar i Phoeni. Dei vart så med Buddy Long sitt band Western Melody Boys og spelte country i og kring byen.[7][8][9]

Eddy brukte ein teknikk der han spelte solo på dei djupe strengane på gitaren, noko som skapte ein låg, rungande «twangy» lyd. I november 1957 spelte Eddy inn ein instrumental, «Movin' n' Groovin'», skriven av Eddy og Hazlewood. Sidan studioet i Phoenix ikkje hadde eit ekkokammer, kjøpte Hazlewood ein 10 000 liter stor vasstank som han brukte som ekkokammer for å framheve den «twangy» gitarlyden.[10] I 1958 signerte Eddy ein platekontrakt med Lester Sill og Lee Hazlewood for å spele inn musikk i Phoenix i studioet Audio Recorders. Sill og Hazlewood leigde ut alle singlane og albuma til det Philadelphia-baserte Jamie Records.

«Movin' n' Groovin'» nådde 72. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1958. Opningsriffet var lånt frå Chuck Berry-songen «Brown Eyed Handsome Man» og vart igjen kopiert eit par år seinare av The Beach Boys på «Surfin' U.S.A.».[3] Oppfølgjaren, «Rebel 'Rouser», inneheld saksofon av studiomusikaren Gil Bernal frå Los Angeles, og rop og klapping frå doo-wop-gruppa The Rivingtons.[7][11] Melodien vart gjennombrotet til Eddy og nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100. Han selde over ein million eksemplar og gav Edy den første gullplata hans.[2]

Eddy hadde ei rekkje hittar dei neste åra, og bandmedlemmane hans, inkludert Steve Douglas, saksofonisten Jim Horn og klaverspelaren Larry Knechtel, vart sidan ein del av Phil Spector sitt The Wrecking Crew.[12] I følgje skribenten Richie Unterberger «Singlane – 'Peter Gunn', 'Cannonball', 'Shazam' og 'Forty Miles of Bad Road' var truleg dei beste - og gjorde sin del i å halde kåteskapen i rock and roll i live, i ei tid då han var i ferd med å bli utvatna.»[3] Den 9. januar 1959 kom debutalbumet til Eddy, Have 'Twangy' Guitar Will Travel, ut og nådde femteplassen, og låg på den amerikanske albumlista i 82 veker. På det fjerde albumet hans, Songs of Our Heritage (1960), spelte han akustisk gitar eller banjo.[13] Den største hitten til Eddy kom med kjenningsmelodien til filmen Because They're Young i 1960,[2] med strykearrangement. Denne songen nådde fjerdeplassen på den amerikanske hitlista og andreplassen i Storbritannia i september 1960.[3][14] Han vart den andre singelen hans som selde ein million.[2] Platene til Eddy var like suksessrike i Storbritannia og i 1960 kåra britiske NME han til World's Number One Musical Personality, føre Elvis Presley.

I 1960 signerte Eddy platekontrakt direkte med Jamie Records, og gjekk utanom Sill og Hazlewood. Dette førte til at Eddy og Hazlewood ein periode unngjekk kvarandre. Resultatet var at Eddy produserte sine eigne singlar og album for Jamie.

Duane Eddy and the Rebels spelte ofte på The Dick Clark Show.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1960-åra starta Eddy ein skodespelarkarriere og deltok i filmar som A Thunder of Drums, The Wild Westerners, Kona Coast, The Savage Seven, og var med to gonger i fjernsynsserien Have Gun–Will Travel.[2] Han gifta seg med songarinna Jessi Colter i 1961, same året som han signerte ein treårskontrakt med produksjonsselskapet til Paul Anka, Camy, der innspelingane vart gjevne ut på RCA Victor.[3] Det var under dei første dagane for RCA Victor at han igjen tok kontakt med Lee Hazlewood som vart involvert i ei rekkje av singlane og albuma hans for RCA Victor. I 1962 gav Eddy ut «(Dance with The) Guitar Man», som var skriven i lag med Hazlewood, og dette vart den tredje gullplata hans med ein million selde eksemplar.[2]

I 1970-åra produserte han album for Phil Everly og Waylon Jennings. I 1972 arbeidde han med Al Gorgoni, rytmegitar, på BJ Thomas sin «Rock and Roll Lullaby». I 1975 samarbeidde han med låtskrivaren Tony Macaulay og det tidlegare medlemmet i The Seekers, Keith Potger, og fekk ein ny singel på den britiske topp 10-plata, «Play Me Like You Play Your Guitar».[15] Singelen «You Are My Sunshine», med Willie Nelson og Waylon Jennings, nådde countrylista i 1977.

I 1986 spelte Eddy med Art of Noise og laga ein ny versjon av Henry Mancini sin «Peter Gunn».[3] Songen vart ein hit verda over og nådde toppen av danselista til Rolling Stone i seks veker den sommaren. «Peter Gunn» vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1986. ermed vart Eddy den einaste instrumentalartisten som har hatt ein Topp 10-hit i Storbritannia i fire forskjellige tiår.

Året etter vart Duane Eddy gjeve ut på Capitol. Fleire av songane vart produserte av Paul McCartney, Jeff Lynne, Ry Cooder og Art of Noise.[3] Gjesteartistar og musikarar var mellom andre John Fogerty, George Harrison, Paul McCartney, Ry Cooder, James Burton, David Lindley, Phil Pickett, Steve Cropper, originale Rebels, Larry Knechtel og Jim Horn. Albumet inneheld ein versjon av Paul McCartney-instrumentalen «Rockestra Theme» i 1979. I 1992 spelte Eddy inn ein duett med Hank Marvin på Marvin-albumet Into the Light, med ein versjon av The Chantays sin «Pipeline».

Våren 1994 vart Eddy innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Eddy sin «Rebel Rouser» var same året med i filmen Forrest Gump. Oliver Stone sin Natural Born Killers brukte «The Trembler», ein song skriven av Eddy og Ravi Shankar. I 1994 slo Eddy seg òg saman med Carl Perkins og The Mavericks for «Matchbox» på album Red Hot + Country til støtte for AIDS, produsert av Red Hot Organization. Eddy var sologitarist på Foreigner-hitten «Until the End of Time» i 1995, som nådde topp 10 på Billboard Adult Contemporary-lista. I 1996 spelte Eddy gitar på Hans Zimmer sin filmmusikk til Broken Arrow.[16]

5. april 2000 fekk Eddy tittelen «Titan of Twang» av borgarmeisteren i Nashville i Tennessee.

I 2004 fekk Eddy «Legend Award» (Legendeprisen) av Guitar Player Magazine. Eddy var den andre som mottok prisen etter Les Paul. Andre som sidan har fått prisen er George Harrison,[3] Dave Davies, Hank Marvin,[3] The Ventures,[17] John Entwistle,[17] Bruce Springsteen, Adrian Belew, Bill Nelson, Mark Knopfler og Ben Vaughn.[18]

I oktober 2010 drog Eddy attende til Storbritannia og spelte for eit utseld Royal Festival Hall i London. Denne sukessen førte til eit nytt album for Mad Monkey/EMI, som var produsert av Richard Hawley i Sheffield i England.[19] Albumet Road Trip kom ut 20. juni 2011. Mojo plasserte albumet på 37. plassen over dei 50 beste albuma i 2011.[20] Eddy spelte på Glastonbury Festival en 26. jui 2011.[19]

Signaturgitarar[endre | endre wikiteksten]

Favorittgitaren til Eddy var ein Chet Atkins Gretsch 6120.[21]

Eddy var den første rock and roll-gitaristen som fekk ein signaturmodell-gitar. I 1961 introdduerte Guild Guitars Duane Eddy Models DE-400 og luksusutgåva DE-500. Ei avgrensa utgåve av DE-500-modellen var ei kort stund på marknaden i 1983 for å markere 25-årsjubileet til Eddy i plateindustrien. I 1997 byrja Gretsch Guitars å produserte sin Duane Eddy Signature Model, Gretsch 6120-DE. I 2004 introduserte Gibson Custom Art and Historic Division den nye Duane Eddy Signature Gibson-gitaren. Ein ny Gretsch G6120DE Duane Eddy Signature-modell kom ut våren 2011.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Number One World Musical Personality i NME (Storbritannia 1960)
  • Grammy-vinnar – Best Rock Instrumental – «Peter Gunn» (1986)
  • Grammy-nominasjon – Best Country Instrumental – (albumet Doc Watson) (1992)
  • Rock and Roll Hall of Fame (1994)
  • Rockwalk (1997)
  • «Chetty»-prisen til Chet Atkins (2000)
  • Guitar Player Magazine Legend Award (2004)
  • Musicians Hall of Fame (2008)
  • Mojo Icon Award (Storbritannia 2010)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

se===Singlar===

Year Titlar
Begge sider frå same album utanom der anna er nemnt
Salslister Album
Billboard[22] Cashbox UK[23]
1955 «I Want Some Lovin'»
med «Soda Fountain Girl»
Shown as «Jimmy & Duane with Buddy Long & The Western Melody Boys»
- - - ikkje på albums
1958 «Moovin' N' Groovin'»
med «Up and Down» (frå $1,000,000 Worth of Twang, Volume II)
72 54 - Have «Twangy» Guitar Will Travel
«Rebel Rouser»
med «Stalkin'»
6 7 19
«Ramrod»
med «The Walker» (ikkje på album)
27 33 -
«Cannonball»
med «Mason Dixon Lion» (ikkje på album)
15 16 22
1959 «The Lonely One»
med «Detour»
23 19 -
«Peter Gunn»
med «Yep!»
(sjå 1960) 6 Especially for You
«Yep!»
med «Three-30-Blues» (frå Have «Twangy» Guitar Will Travel)
30 27 17
«Forty Miles of Bad Road» / 9 10 11 $1,000,000 Worth of Twang
«The Quiet Three» 46 68 -
«Some Kind-A Earthquake» / 37 28 12
«First Love, First Tears» 59 75 -
1960 «Bonnie Came Back»
med «Lost Island» (ikkje på album)
26 20 12
«Shazam!»
med «The Secret Seven» (ikkje på album)
45 41 4 Duane Eddy's 16 Greatest Hits
«Because They're Young»
med «Rebel Walk» (frå The «Twangs» The «Thang»)
4 3 2 $1,000,000 Worth of Twang
«Kommotion»
med «Theme for Moon Children»
78 39 13
«Peter Gunn»
med «Along the Navajo Trail»
27 26 (sjå 1959) Especially For You
1961 «Pepe»
med «Lost Friend»
18 19 2 $1,000,000 Worth of Twang, Volume II
«Theme from Dixie» / 39 37 7
«Gidget Goes Hawaiian» 101 - -
«Ring of Fire»
med «Bobbie» (frå $1,000,000 Worth of Twang, Volume II)
84 57 17 ikkje på album
«Drivin' Home»
med «Tammy» (frå Girls! Girls! Girls!)
87 69 30 $1,000,000 Worth of Twang, Volume II
«My Blue Heaven»
med «Along Came Linda» (frå Especially for You)
50 81 - The «Twangs» the «Thang»
«Caravan» (Part 1)
med «Caravan» (Part 2)
- - 42 ikkje på albums
1962 «The Avenger»
med «Londonderry Air»
101 - -
«Moanin' 'N' Twistin'»
18 19 2
«The Battle»
med «Trambone»
114 100 - The «Twangs» the «Thang»
«Deep in the Heart of Texas»
med «Saints and Sinners» (ikkje på album)
78 83 19 The Best of Duane Eddy
«Runaway Pony»
med «Just Because» (frå Especially For You)
- - ikkje på album
«The Ballad of Paladin»
med «The Wild Westerners» (ikkje på album)
33 48 10 The Best of Duane Eddy
«(Dance With The) Guitar Man»
med «Stretchin' Out» (ikkje på album)
12 11 4 Dance with the Guitar Man
1963 «Boss Guitar»
med «The Desert Rat» (ikkje på album)
28 30 27 The Best of Duane Eddy
«Lonely Boy, Lonely Guitar»
med «Joshin'» (ikkje på album)
82 76 35
«Your Baby's Gone Surfin»
med «Shuckin'» (ikkje på album)
93 82 49
1964 «The Son of Rebel Rouser»
med «The Story of Three Loves»
97 90 - ikkje på albums
«Guitar Child»
med «Jerky Jalopy» (ikkje på album)
- - Twangin' Up a Storm
«Water Skiing»
med «Theme from 'A Summer Place'» (ikkje på album)
- - Water Skiing
«Guitar Star»
med «The Iguana»
- - - ikkje på albums
1965 «Moon Shot»
med «Rough Neck»
- - -
«Trash»
med «South Phoenix»
- - - Duane a Go-Go
«Don't Think Twice, It's Alright»
med «The House of the Rising Sun»
- - - Duane Eddy Does Bob Dylan
1966 «El Rancho Grande»
med «Papa's Movin' On (I'm Movin' On)»
- - - ikkje på albums
«Daydream»
med «This Guitar Was Made for Twangin'»
- - - The Biggest Twang of Them All
1967 «Roarin'»
med «Monsoon» (ikkje på album)
- - - The Roarin' Twangies
«Guitar on My Mind»
med «Wicked Woman from Wickenburg» (frå The Roarin' Twangies)
Shown as by «Duane and Miriam Eddy»
- - - ikkje på albums
1968 «There Is a Mountain»
med «This Town»
- - -
«The Satin Hours»
med «Niki Hoeky»
- - -
1969 «Break My Mind»
med «Lovingbird»
- - -
1970 «Freight Train»
med «Put a Little Love in Your Heart»
110 - -
«Something»
med «The Five-Seventeen»
- - -
1972 «Renegade»
med «Nightly News»
- - -
1975 «Play Me Like You Play Your Guitar»
med «Blue Montana Sky»
- - 9
«The Man With The Gold Guitar»
med «Mark of Zorro»
- - -
«Love Confusion»
med «Love is a Warm Emotion»
- - -
1976 «You Are My Sunshine»
med «From 8 to 7»
- - -
1986 «Peter Gunn» (with Art of Noise)
med «Something Always Happens» (The Art of Noise)
50 49 8
1987 «Spies»
med «Rockabilly Holiday»
- - - Duane Eddy

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel U.S. Billboard 200 UK Albums Chart[24] Plateselskap Merknad
1958 Have 'Twangy' Guitar Will Travel[25] 5 6 Jamie JLPS-3000
1959 Especially for You 24 6 Jamie JLPS-3006
The «Twangs» the «Thang» 18 2 Jamie JLPS-3009
1960 Songs of Our Heritage - 13 Jamie JLPS-3011
$1,000,000.00 Worth of Twang 10 5 Jamie JLPS-3014
1961 Girls! Girls! Girls! 93 - Jamie JLPS-3019
1962 $1,000,000.00 Worth of Twang, Volume 2 - 18 Jamie JLPS-3021
Twistin' with Duane Eddy - - Jamie JLPS-3022
Twistin' 'N' Twangin 82 8 RCA LSP-2525
Twangy Guitar – Silky Strings 72 13 RCA LSP-2576
1963 Surfin' - - Jamie JLPS-3024
Duane Eddy & The Rebels – In Person - - Jamie JLPS-3025
Dance with the Guitar Man 47 14 RCA LSP-2648
«Twang» a Country Song - - RCA LSP-2681
«Twangin'» Up a Storm! 93 - RCA LSP-2700
1964 16 Greatest Hits - - Jamie JLPS-3026
Lonely Guitar 144 - RCA LSP-2798
1965 Water Skiing - - RCA LSP-2918
Twangin' the Golden Hits - - RCA LSP-2993
Twangsville - - RCA LSP-3432
The Best of Duane Eddy - - RCA LSP-3477
Duane-a-Go-Go - - Colpix CPS-490
Duane Eddy Does Bob Dylan - - Colpix CPS-494
1966 The Biggest Twang of All - - Reprise RS-6218
1967 The Roaring Twangies - - Reprise RS-6240
Tokyo Hits - - Reprise Berre Japan
1975 The Vintage Years - - Sire SASH-3707-2
1978 Pure Gold - - RCA ANL1-2671
Twenty Terrific Twangies - - RCA
1987 Duane Eddy - - Capitol ST-12567
1991 Twangy Peaks - - EMI CDP 7965572
1996 Ghostrider - - Curb D2-77801
2011 Road Trip - 116 Mad Monkey/EMI MAD1
2013 Complete UK Hits: 1958–62 - - Peaksoft PEA016

[3]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Duane Eddy and Richard Hawley bring back the twang - BBC News». Bbc.com. 2011-06-29. http://www.bbc.com/news/entertainment-arts-13941157. Henta 24. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2. utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 100. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Unterberger, Richie (April 26, 1938). «Duane Eddy – Music Biography, Credits and Discography». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/duane-eddy-mn0000171637. Henta 24. februar 2018. 
  4. «Duane Eddy bio». Rockhall.com. 26. april 1938. http://www.rockhall.com/inductees/duane-eddy. Henta 24. februar 2018. 
  5. Daniel Kreps (29. oktober 2008). «Kid Rock, Keith Richards Help Induct Crickets, Muscle Shoals into Musicians Hall of Fame | Music News». Rolling Stone. https://www.rollingstone.com/music/news/kid-rock-keith-richards-help-induct-crickets-muscle-shoals-into-musicians-hall-of-fame-20081029. Henta 24. februar 2018. 
  6. «Biography at HistoryofRock.com». History-of-rock.com. http://www.history-of-rock.com/duane_eddy.htm. Henta 24. februar 2018. 
  7. 7,0 7,1 Tony Hoffman (April 26, 1938). «Duane Eddy: The Undisputed King of Twang at ''Instrumental Review''». Instrumentalreview.com. http://www.instrumentalreview.com/instreviewduaneeddy.html. Henta 24. februar 2018. 
  8. «Jimmy Dell at Black Cat Rockabilly». Rockabilly.nl. http://www.rockabilly.nl/references/messages/jimmy_dell.htm. Henta 24. februar 2018. 
  9. «Interview and article by Jeb Rosebrook, ''The Republic'', 25 June 2000». Tony50.tripod.com. 25. juni 2000. http://tony50.tripod.com/deddy-insearch.html. Henta 24. februar 2018. 
  10. Twangin' From Phoenix To L.A.: The Jamie Years, Bear Family Records – BCD 15778
  11. «Review of ''Califia: The Songs of Lee Hazlewood'' at». Soundblab.com. http://soundblab.com/content/content/view/id/2548. Henta 24. februar 2018. 
  12. «The Duane Eddy Circle: career synopsis». Angelfire.com. http://www.angelfire.com/ar/twangsville/synopsis.html. Henta 24. februar 2018. 
  13. «Jamie Album Discography». Bsnpubs.com. 2014-04-05. http://www.bsnpubs.com/philadelphia/jamie/jamie.html. Henta 24. februar 2018. 
  14. Whitburn, Joel (1987). The Billboard Book of Top 40 Hits (3rd ed.). New York: Billboard Publications, Inc. ISBN 0-8230-7520-6
  15. «Duane Eddy & The Rebelettes / Duane Eddy – Play Me Like You Play Your Guitar / Blue Montana Sky (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. http://www.discogs.com/Duane-Eddy-The-Rebelettes-Duane-Eddy-Play-Me-Like-You-Play-Your-Guitar-Blue-Montana-Sky/release/1509975. Henta 24. februar 2018. 
  16. «Broken Arrow – full credit listing». IMDb.com. http://www.imdb.com/title/tt0115759/fullcredits?ref_=tt_cl_sm#cast. Henta 24. februar 2018. 
  17. 17,0 17,1 Prown, Pete; Newquist, H.P; and Eiche, Jon F. (1997). Legends of Rock Guitar, pp. 21–22. Hal Leonard Corporation. ISBN 0-7935-4042-9.
  18. «BIO». http://www.benvaughn.com/bio/. Henta October 27, 2017. 
  19. 19,0 19,1 Caroline Sullivan (June 23, 2011), Duane Eddy – review | Music, London: The Guardian, https://www.theguardian.com/music/2011/jun/23/duane-eddy-richard-hawley-review, henta 24. februar 2018 
  20. «MOJO's Top 50 Albums of 2011». Stereogum. December 2, 2011. http://stereogum.com/894362/mojos-top-50-albums-of-2011/list/. Henta 24. februar 2018. 
  21. «Duane Eddy». celebrityrockstarguitars.com. http://www.celebrityrockstarguitars.com/rock/eddy.htm. Henta 24. februar 2018. 
  22. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955–2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 218. ISBN 0-89820-155-1. 
  23. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952–2004 (1st utg.). London: Collins. s. 248. ISBN 0-00-717931-6. 
  24. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 178. ISBN 1-904994-10-5. 
  25. «Have Twangy Guitar Will Travel». Tony50.tripod.com. http://tony50.tripod.com/htgwt.html. Henta 24. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]