Tylldalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°8′14″N 10°47′44″E

Tylldalen kyrkje
kyrkje
Tylldal Kirke.jpg
Foto: Knut E. Haug
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Østerdal
Sokn Tylldalen
Fellesråd Tynset
Type Langkyrkje
Arkitekt Karl Brandvold (byggm.)
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 2. mars 1736
 - Endringar M.a. 1780-åra, 1880-åra, 1934–36, 1954–57
Kor Rett avslutta
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Åttekanta, kalkforma, med lokk
Altartavle Hans Jensson Engen (staffert av Jens Sandhaug)
Orgel Sauer, 1921 (rest. Bröderna Moberg 1983)
Sitjeplassar 240
Wikimedia Commons: Tylldalen kirke

Tylldalen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1736 i Tynset kommune i Hedmark fylke. Dette er den sjette kyrkja i Tylldalen, der det har vore kyrkje sidan mellomalderen.

Veggene og taket i kyrkja er dekorert med rankemåleri. Byggverket er i tømmer og har 240 plassar. Bygget blei reist av Karl Brandvold og sonen Arne. Dei to bygde også dei no nedrivne kyrkjene på Tynset og i Alvdal. Tømmerveggane fekk grov bordkleding utvendig i 1756. Innvendig er tømmerveggar og himling fullstendig dekt av måla dekorasjonar. Mellom anna rosemåling, Christian 6.s monogram og lidingshistoria framstilt av Jens Rasmussen Sandberg. Dekorasjonane var lenge tildekka, men blei avdekka av Domenico Erdmann og Ola Seter. Alvdal og Kvikne kyrkjer har liknande dekorasjonar og truleg står same lokale kunstnar bak. Altertavlene er barokk og tradisjonell for den tida. Ei opphavelegt korskille blei fjerna i 1785.[1]


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Øverby, Gunhild og Tore (1986). Tylldalen kirke 1736-1986. Vingelen menighetsråd. 
  • Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 56-59. ISBN 82-91399-10-7. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 612. ISBN 82-7527-022-7. 
  1. Sørmoen 2001

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.