Nord-Østerdal prosti
62°17′5″N 10°45′15″E / 62.28472°N 10.75417°E

Nord-Østerdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Tolga og Tynset i Hedmark (Innlandet fylke). Prosten har sete på Tynset.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Prostiet vart oppretta i 1867 då Østerdalen prosti vart delt i to.[1] Prostiet femnde frå starten prestegjelda Rendalen, Lille-Elvedalen (Alvdal), Tynset, Tolga og Kvikne.[1]
Tidslinje
[endre | endre wikiteksten]- 1867 - Østerdalen prosti vart delt i to; Nord-Østerdal og Sør-Østerdal prosti.[1] Nord-Østerdal bestod frå skipinga av Alvdal (Lille-Elvedalen), Kvikne, Rendalen, Tolga og Tynset.[1]
- 1868 - Sollia prestegjeld vart overført til prostiet frå Gudbrandsdalen prosti.[1]
- 1911 - Engerdal prestegjeld vart oppretta. Området vert skilt ut frå Trysil, Rendalen, Tolga og Røros.[1]
- 1922 - Engerdal prestegjeld vart overført til Sør-Østerdal prosti.[1]
- 1966 - Kvikne prestegjeld vart lagt ned og Kvikne sokn vart innlemma i Tynset.[1][2]
- 1969 - Sollia prestegjeld vart lagt ned og Sollia sokn vart overført til Stor-Elvdal prestegjeld i Sør-Østerdal prosti.[3]
- 1982 - Os vart skilt ut frå Tolga som eige prestegjeld.[4]
- 1989 - Folldal vart skilt ut frå Alvdal som eige prestegjeld.
- 2004 - Utfasinga av prestegjeldsordninga tok til.
Sokn
[endre | endre wikiteksten]Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
| Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
|---|---|---|
| Alvdal sokn | Alvdal kyrkje | Alvdal |
| Brydalen sokn | Brydalen kyrkje | Tynset |
| Dalsbygda sokn | Dalsbygda kyrkje | Os |
| Folldal sokn | Folldal kyrkje Egnund kapell | Folldal |
| Hanestad sokn | Hanestad kyrkje | Rendalen |
| Hodalen sokn | Hodalen kyrkje | Tolga |
| Holøydalen sokn | Holøydalen kyrkje | Tolga |
| Kvikne sokn i Østerdalen | Kvikne kyrkje i Østerdalen | Tynset |
| Narbuvoll sokn | Narbuvoll kyrkje Tufsingdalen kyrkje | Os |
| Os sokn i Østerdalen | Os kyrkje i Østerdalen | Os |
| Sjøli sokn | Sjøli kyrkje | Rendalen |
| Tolga sokn | Tolga kyrkje | Tolga |
| Tylldalen sokn | Tylldalen kyrkje | Tynset |
| Tynset sokn | Tynset kyrkje | Tynset |
| Vingelen sokn | Vingelen kyrkje | Tolga |
| Ytre Rendal sokn | Ytre Rendal kyrkje | Rendalen |
| Øvre Folldal sokn | Dalen kyrkje i Østerdalen | Folldal |
| Øvre Rendal sokn | Øvre Rendal kyrkje | Rendalen |
Prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Østerdal prosti desse prestegjelda:
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 7 8 ««Nord-Østerdal prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Hamar. Henta 13. mars 2014.
- ↑ ««Forskrift om nedlegg. av soknekall og overføring av sokn, Kvikne prestesokn, Tynset prestegjeld, Hedmark.»». lovdata.no. 30. september 1966.
- ↑ ««Forskrift om utvidelse av prestegjeld, Stor-Elvdal prestegjeld, Hedmark.»». lovdata.no. 25. april 1969.
- ↑ ««Forskrift om deling av Tolga prestegjeld i Hamar, Hedmark.»». lovdata.no. 30. september 1966.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Nord-Østerdal prosti på nettstaden til Den norske kyrkja