Tyva
Utsjånad
| Tyva | |||
| Тыва | |||
| republikk | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Aust-Sibir | ||
| Hovudstad | Kyzyl | ||
| Areal | 170 500 km² | ||
| Folketal | 338 483 (1. januar 2025) | ||
| Språk | russisk, tuvinsk | ||
| Tidssone | UTC +7 | ||
| Bilnummer | 17 | ||
![]() Tyva 51°47′00″N 94°45′00″E / 51.783333333333°N 94.75°E | |||
| Wikimedia Commons: Tyva | |||
Tyva[a] eller Tuva er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Kyzyl, arealet er 170 500 km² og innbyggjartalet 330 368 (2021). Republikken grensar til Mongolia i sør. Fram til 1944 var han ein sjølvstendig folkerepublikk. I Tyva ligg det geografiske punktet i verda som ligg lengst frå havet.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Den einaste større byen er Kyzyl med 109 900 ibuarar.[1]
Den største delen av folket er etniske tuvinarar, eit tyrkisk folkeslag, som kulturelt har mykje til felles med mongolar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
Andelen tuvinarar har auka sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 64,3 % ved folketeljinga i 1989.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

