UEFA-cupfinalen i fotball 1992

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1992 stod mellom nederlandske AFC Ajax frå Amsterdam og italienske Torino FC og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 29. april på Stadio delle Alpi i Torino framfor 65 377 tilskodar, returkampen den 13. mai på Olympisch stadion i Amsterdam såg 42 000 frå tribuneplass. Begge laga skåra to mål, Ajax vart kåra til vinnar med sine bortemål.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

I Torino sende Wim Jonk gjestelaget i leiinga i det 17. minutt med eit langskot frå 30 meter. 20 minuttar ut i den andre omgangen utlikna brasilianaren Walter Casagrande frå femmeteren etter retur frå Ajax-målvakta. Åtte minuttar seinare skåra svensken Stefan Pettersson for Ajax på straffespark, før Casagrande i det 82. minutt utlikna på ny då han vart spelt fri og tuppa ballen til sides for målvakta frå 7-8 meters hald.

Kampen i Amsterdam enda mållaust. Dermed vann heimelaget Ajax UEFA-pokalen på regelen om bortemål.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Ajax-laget bestod av Stanley Menzo, Danny Blind (kaptein), Frank de Boer, Wim Jonk, Sonny Silooy, Aron Winter, Michel Kreek, John van 't Schip, Stefan Pettersson, Dennis Bergkamp, Bryan Roy, Rob Alflen, John van Loen, Alfons Groenendijk og Marciano Vink.

Torino FC stilte med Luca Marchegiani, Pasquale Bruno, Roberto Cravero (kaptein), Silvano Benedetti, Enrico Annoni, Roberto Mussi, Rafael Martín Vázquez, Gianluigi Lentini, Enzo Scifo, Walter Casagrande, Giorgio Venturin, Giorgio Breciani, Gianluca Sordo, Luca Fusi, Roberto Policano.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Joe Worrall frå England var dommar i Torino, Zoran Petrović frå Jugoslavia i Amsterdam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]