Dennis Bergkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dennis Bergkamp
Dennis Bergkamp 2014.jpg
Fullt namn Dennis Nicolaas Maria Bergkamp
Fødd 10. mai 1969
Amsterdam i Nederland
Høgd 183 cm
Posisjon Spiss
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1986-93
1993-95
1995-06
Nederland Ajax
Italia Inter
Flag of England.svg Arsenal
185 (103)
52 (11)
315 (87)
Landslag
1990-00 Nederland Nederland 79 (37)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Dennis Nicolaas Maria Bergkamp (fødd 10. mai 1969) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Amsterdam som hadde stor suksess med klubbane Ajax og Arsenal FC. FIFA kåra han to gongar til ein av verdas tre beste fotballspelarar. Bergkamp var midtspiss i Ajax. I Arsenal var han indreløpar fram til han runda 30 år, sidan mest playmaker på midtbana.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bergkamp fekk sin Ajax-debut i desember 1986. Fem månader seinare var han innbytar då Ajax vann finalen i cupvinnarcupen 1987 med 1-0 mot Lokomotive Leipzig. I tida 1990-93 vart han nederlandsk seriemeister, UEFA-cupvinnar og nasjonal cupvinnar med den nederlandske toppklubben. Sommaren 1993 vart han overført til italienske Inter Milan. Sjølv om Bergkamp våren 1994 vann sin andre UEFA-pokal, stagnerte han spelemessig. Dermed vart Arsenal FC hans neste klubb frå juni 1995. Gjennom dei neste 11 sesongane bidrog Bergkamp sterkt til at London-klubben i den perioden kjempa jamt med Manchester United om å hanke heim dei største pokalane i engelsk fotball. Bergkamp vann tre ligatitlar og fire nasjonale FA-pokalar med Arsenal. Han la opp våren 2006.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bergkamp spelte 79 kampar for Nederland sitt landslag. Han debuterte i september 1990 mot Italia i Palermo. Nær ti år seinare, den 29. juni 2000 i fødebyen Amsterdam, spelte han sin siste landskamp mot nettopp Italia. Semifinalekampen under Fotball-EM 2000 enda mållaus, før Italia vann straffeskytinga. Bergkamp deltok i tre europameisterskap; 1992, 1996 og 2000, og verdsmeisterskapane 1994 og 1998. Han skåra heile 37 landslagsmål. Særleg vert han hugsa for målet som avgjorde kvartfinalekampen mot Argentina under VM 1998.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1987 med Ajax
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1992 med Ajax og 1994 med FC Inter
  • Nederlandsk seriemeister: 1990 med Ajax
  • Nederlandsk cupmeister: 1993 med Ajax
  • Engelsk ligameister: 1998, 2002 og 2004 med Arsenal FC
  • Engelsk cupmeister: 1998, 2002, 2003 og 2005 med Arsenal FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]