Enzo Scifo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enzo Scifo
Personleg informasjon
Fullt namn Vincenzo Daniele Scifo
Fødd 19. februar 1966 (58 år)
Fødestad La Louvière i Belgia
Høgd 178 cm
Posisjon Defensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983-1987 Anderlecht 119 (32)
1987-1988 Inter 28 (4)
1988-1989 Bordeaux 24 (7)
1989-1991 Auxerre 67 (25)
1991-1993 Torino 62 (16)
1993-1997 Monaco 91 (20)
1997-2000 Anderlecht 75 (14)
2000-2001 RSC Charleroi 12 (3)
Totalt 478 (121)
Landslag
1984-1998 Belgia 84 (18)
Trenar for
2001-2002 Charleroi
2004-2006 Tubize
2007-2009 Mouscron
2012-2013 Mons
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. januar 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 29. januar 2011

Vincenzo Daniele Scifo, betre kjend som Enzo Scifo, (fødd 19. februar 1966) er ein tidlegare belgisk fotballspelar og noverandre fotballtrenar frå La Louvière. I ungdommen blei han betrakta av mange som ein av Belgias største talentar.

Foreldrene kom frå Italia. I 1980 då han var 14 år gjekk han til den belgiske storklubben RSC Anderlecht, hvor han debuterte på seniorlaget i 1983. I 1984 fekk han sin debut på det belgiske landslaget, mot dåverande Jugoslavia. I 1986 blei han teken ut til den belgiske VM-troppen som drog til sluttspelet i VM i Mexico, der han skåra eit mål i gruppespelet.

I 1987 gjekk han til italienske Inter, men utan vidare suksess. To år seinare gjekk han til den franske klubben Bordeaux. I 1990 spelte han VM i Italia, og blei ansett for å væra ein av turneringens beste spelarar. I 1991 vende han tilbake til Italia og Torino, der han blei i to år, inntil han flytta tilbake til Frankrike. I 1997 var han tilbake i Anderlecht, klubben han hadde forlatt 10 år tidlegare. Han la opp i 2000, og har i seinare tid trent Charleroi, Tubize og Mouscron.

I tillegg til dei øvenemnde VM-sluttspela deltok han òg i USA 1994 og i Frankrike 1998. Totalt spelte han 84 landskampar og skåra 18 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Belgisk seriemeister: 1985, 1986, 1987 og 2000 med RSC Anderlecht
  • Fransk seriemeister: 1997 med AS Monaco
  • Italiensk cupmeister: 1993 med Torino FC
  • 84 landskampar for Belgia og 18 mål mellom 1984 og 1998.
  • 4 VM og 1 EM-sluttspel