UEFA-cupfinalen i fotball 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1997 stod mellom tyske Schalke 04 frå Gelsenkirchen og italienske FC Inter frå Milano og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 7. mai på Parkstadion i Gelsenkichen med 56 824 på tribunane, returkampen vart avvikla 21. mai på San Siro i Milano framfor 81 675 tilskodarar. Finalen enda med 1-1 etter all ordinær tid var ute og vart avgjort med straffesparktevling. Her mislukkast to av tre Inter-eksekutørar, så då Marc Wilmots sette inn Schalke 04 si fjerde strake straffe, hamna pokalen i Tyskland.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane i Milano, Schalke 04 i kvitt

I Gelsenkirchen vann heimelaget 1-0 etter ei skåring frå Marc Wilmots i det 70. minutt.

Også i Milano stod det 1-0 til heimelaget ved full tid, 120 spelte minuttar, gjennom Iván Zamorano sin fulltreffar i det 84. minutt. I straffeskytinga var Schalke-spelarane sikre frå 11-meteren; etter tur plasserte Anderbrügge, Thon, Max og Wilmots ballen i mål bak Inter-målvakta og sikra tysk siger med 4-1 på straffene, totalt 5-2.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Finalevinnarane til Schalke 04 heitte Jens Lehmann, Yves Eigenrauch, Johan De Kock, Thomas Linke, Michael Büskens, Andres Müller, Olaf Thon, Jiří Němec, Radoslav Látal, Marc Wilmots, Martin Max, Ingo Anderbrügge, Oliver Held.

Inter-mannskapet bestod av Gianluca Pagliuca, Giuseppe Bergomi (kaptein), Massimo Paganin, Salvatore Fresi, Fabio Galante, Alessandro Pistone, Javier Zanetti, Ciriaco Sforza, Aron Winter, Maurizio Ganz, Iván Zamorano, Paul Ince, Youri Djorkaeff, Jocelyn Angloma, Nicola Berti.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Marc Batta frå Frankrike var kampleiar i Gelsenkirchen, på San Siro i Milano var det José García-Aranda frå Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]