Marc Wilmots

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marc Wilmots
Marc Wilmots.JPG
Marc Wilmots i 2006
Personleg informasjon
Fullt namn Marc Robert Wilmots
Fødd 22. februar 1969 (50 år)
Fødestad Dongelberg i Belgia
Høgd 184 cm
Posisjon Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1987-1988 Sint-Truidense 30 (9)
1988-1991 Mechelen 87 (22)
1991-1996 Standard Liège  138 (67)
1996-2000 Schalke 04 104 (21)
2000-2001 Bordeaux 30 (8)
2001-2003 Schalke 04 34 (6)
Totalt 421 (133)
Landslag
1990-2002 Belgia 70 (28)
Trenar for
2003 Schalke 04
2004-2005 Sint-Truidense
Landslagstrenar for
2009-2012 Belgia (assistent)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Marc Robert Wilmots (fødd 22. februar 1969) er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Dongelberg. Han spelte 70 landskampar for Belgia og skåra 28 mål. Han representerte Belgia under VM i 1990, VM i 1994, VM i 1998, EM i 2000 og i VM i 2002.

Etter at han la opp som spelar gjekk han inn i trenarrolla, der han var hovudtrenar for Schalke 04 (2003) og Sint-Truidense (2004-2005). Etter dette fungerte han som senator for det politiske partiet Movement Réformateur, men han trekte seg frå vervet i 2005.

I 2009 blei han assistenttrenar for Belgia, fyrst under hovudtrenar Dick Advocaat og seinare under Georges Leekens. 15. mai 2012 rykka han opp som midlertidig hovudtrenar etter Leekens og skreiv seinare under på ein 2 års-kontrakt. Belgia vann si kvalifiseringsgruppe til VM i 2014 med åtte sigrar, to uavgjorde og ingen tap. Då han overtok landslaget låg dei på 44. plass på FIFA-rankingen, men i juni 2014 låg dei på 11. plass

 Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Belgisk ligameister: 1988 med KV Mechelen
  • Belgisk cupmeister: 1993 med Standard Liège
  • Tysk cupmeister: 2002 med Schalke 04
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1997 med Schalke 04