UKUSA-samarbeidet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
UKUSA-samarbeidet
Kart over samarbeidande UKUSA-land med Irland

Australia
Statsminister John Howard
Canada
Statsminister Stephen Harper
New Zealand
Statsminister Helen Clark
Storbritannia
Statsminister Gordon Brown
USA
President George W. Bush

UKUSA-samarbeidet er ein allianse av engelsk-talande nasjonar leia av USA og Storbritannia som har til oppgåve å samle etterretning via signaletterretning.

Medlemstatar[endre | endre wikiteksten]

Dei einande agentura er:

Organisering[endre | endre wikiteksten]

UKUSA-samarbeidet vert ofte knytt saman med ECHELON-systemet. Medlemmene av etterretningsalliansen UKUSA har halde vedlike samanknytinger i innsammling og deling av etterretning sidan andre verdskrigen. Kvar medlem av UKUSA-alliansen er i teorien tildelt ansvar for å overvake ulike delar av kloden. Canadas hovudoppgåve brukte å vere overvaking av den nordlegaste delen av førre Sovjetunionen og utføre skanning av all kommunikasjonstrafikk som kunne avlyttast frå ambassadar kring i verda. I tida sidan den kalde krigen har det vorte lagd større vekt på overvaking av satellittrafikk, radio- og mobiltelefontrafikk fra Sentral- og Sør-Amerika, primært i ein freistnad på å spore narkotika og ikkje-allierte paramilitære grupper i regionen. USA med deira enorme nettverk av spionsatellittar og lyttestasjonar, avlyttar størstedelen av Latin-Amerika, Asia, asiatisk Russland og nordlege delar av Kina. Storbritannia lyttar på Europa og Russland vest for Uralfjella samt Afrika. Australia jaktar på kommunikasjonar med utspring i Indokina, Indonesia og dei sørlege delane av Folkerepublikken Kina. New Zealand skannar det vestlege Stillehavet.

ECHELON[endre | endre wikiteksten]

ECHELON er namnet som vert nytta til å nemne det høgt hemmeleghaldne verdsfemnande signaletterretning- og analysenettverket som det vert sagt blir drifta av UKUSA-samarbeidet og som ei rad kjelder har rapportert om, inkludert ein komité fra Europaparlamentet i 2001 (EP-rapport[1]). Den første som avslørte eksistensen av ECHELON var den undersøkjande jousnalisten Duncan Campbell i artikkeln «Someone's listening», publisert i New Statesman i 1988. Ifølgje nokre kjelder kan ECHELON fange radio- and satellitt-kommunikasjon, telefonsamtalar, faxar, epost og andre datastraumar nær sagd overalt i verda og inkluderer automatisk databasert analyse og sortering av innhaldet.[2] Likevel konkluderte EP-komitéen at «analysen som vert gjort i rapporten har avdekt at den tekniske kapasiteten til systemet truleg ikkje på langt nær er så omfemnande som nokre delar av media har rekna med» (EP-rapport, s. 11).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. European Parliament Report on ECHELON (.pdf) (juli 2001)
  2. ECHELON; WORLDWIDE CONVERSATIONS BEING RECEIVED BY THE ECHELON SYSTEM MAY FALL INTO THE WRONG HANDS AND INNOCENT PEOPLE MAY BE TAGGED AS SPIES frå fjernsynsprogrammet 60 Minutes 27. februar 2002

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Richelson, Jeffrey T.; Ball, Desmond (1985). The Ties That Bind: Intelligence Cooperation Between the UKUSA Countries. London: Allen & Unwin. ISBN 0-04-327092-1
  • Secret Power, New Zealand's Role in the International Spy Network; Craig Potton Publishing, Nelson, NZ; ISBN 0-908802-35-8; 1996 (nettutgåve)
  • Bryden, John. Best Kept Secret: Canadian Secret Intelligence in the Second World War. Toronto: Lester Publishing, 1993.
  • Hamilton, Dwight. Inside Canadian Intelligence: Exposing the New Realities of Espionage and International Terrorism. Toronto: Dundurn Press, 2006.
  • Frost, Mike and Michel Gratton. Spyworld: Inside the Canadian and American Intelligence Establishments. Toronto: Doubleday Canada Limited, 1994.
  • Rosen, Philip. The Communications Security Establishment – Canada’s Most Secret Intelligence Agency. Ottawa: Library of Parliament Research Branch, 1993.
  • Rudner, Martin. Canada’s Communications Security Establishment: From the Cold War to Globalization in Intelligence and National Security. Volume 16 Number 1 (Spring 2001). 97-128.
  • Whitaker, Reginald. Cold War Alchemy: How America, Britain, and Canada Transformed Espionage into Subversion in Intelligence and National Security.