UTZ Certified

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
UTZ Certified
Utz certified logo.svg
UTZ Zertifikat.JPG
Selskapsformideell organisasjon Sjå dette på Wikidata
Skipa2002
Bransjeproduktsertifisering
HovudkontorAmsterdam Sjå dette på Wikidata

UTZ, tidlegare UTZ Certified, er ei merkeordning og eit program for berekraftig jordbruk som blei lansert i 2002, som hevdar å vere det største programmet for kaffi i verda.[1][2] Det var tidlegare kjent som UTZ Kapeh. 7. mars 2007 skifta Utz Kapeh Foundation offisielt namn og logo til UTZ Certified.[3] UTZ Certified er ein stiftelse for verdaomspennande implementering av ein standard for ansvarleg kaffi-, kakao, te og rooibosjordbruk. UTZ-sertifiserte kooperativ og produsentgrupper må rette seg etter ein Code of Conduct for dei respektive produkta.[4] Denne koden er eit internasjonalt anerkjent sett av kriterium for berekraftig og profesjonell kaffidyrking, som inkluderer sosialt og miljømessig riktig kaffidyrkingspraksis, og effektiv gardsdrift.

UTZ-sertifiserte produkt skal vere sporbare frå dyrker til sluttprodusentar. Organisasjonen opererer eit avansert web-basert sporingssystem som visar kjøparar av UTZ-sertifiserte produkt truverdig lenkar til den sertifiserte kilda. Nokre kaffimerke og detaljhandlarar gir også gi deira kundar denne gjennomsiktigheita gjennom online sporing. UTZ-sertifisert kaffi vert seld i nesten 50 land, blant andre Nederland, Belgia, Frankrike, Storbritannia, Sveits, Japan, USA, Canada og dei skandinaviske landa. UTZ Certified hjelpar produsentar i Latin-Amerika, Asia og Afrika. Med eit vaksande utval av program for landbruksprodukt, som kakao, te, rooibos og sporbarheitstenester for palmeolje og bomull er nærvær av UTZ Certified aukande både blant produsentar og konsumentland.

I januar 2018 slo UTZ seg saman med Rainforest Alliance. Dei to sertifiseringane blei ei tid drivne parallelt, men frå 2020 innførte organisasjonen eit felles Rainforest Alliance-merke. Dette blei fasa inn frå juli 2021.[5][6]

UTZ Certified i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg tilbyr fleire merke UTZ-sertifiserte produkt. Både Joh. Johannson Kaffe og Kaffehuset Friele har utvalde sertifiserte produkt, og sjokoladeprodusenten Nidar brukar berre UTZ-serfifisert kakao.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]