Up on the Roof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Up on the Roof
Singel av The Drifters
B-side «Another Night With the Boys»
Utgjeve 1962
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin og Carole King
The Drifters-kronologi
«Sometimes I Wonder»
(1962)
Up on the Roof «On Broadway»
(1963)


James Taylor og Carole King spelar «Up on the Roof» i lag i 2010 under Troubadour Reunion Tour.

«Up on the Roof» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King og spelt inn i 1962 av The Drifters. Plata kom ut seint på året og vart ein stor hitt tidleg i 1963 med ein femteplass på Billboard Hot 100 i USA og ein fjerdeplass på R&B-lista.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til hit-potensialet til den «andre Drifters»-besetninga, samanfatta den urbanske romantiske draumen slik Brill Building-komponistane i New York City presenterte det:

When this old world starts getting me down,
And people are just too much for me to face—
I climb way up to the top of the stairs
And all my cares just drift right into space ...

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande på innspelinga til The Drifters var

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll frå 1980 skildra «Up on the Roof» som «på alle måtar ein merkverdig popsong for å vere 1962», og sa særleg om teksten over «frå innrima 'stairs' og 'cares' til bileta om å stige opp frå gata til stjernene via ei trapp i ei bustadblokk er førsteklasses, sofistikert dikting».

I 2004 vart The Drifters sin «Up on the Roof» rangert på 113. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han er òg med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. .

Songen vart mykje nytta i ein episode av Reading Rainbow i 1992 kalla «Tar Beach». Episoden fokuserte på urbane taktoppar og nytta songen i både ein videodel og under rulleteksten.

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia gjekk ikkje The Drifters-versjonen inn på Topp 50, men andre versjonar klarte dette, nemleg versjonar av Julie Grant og Kenny Lynch. Kenny Lynch-versjonen, som stort sett etterlikna Drifters-versjonen, gjorde det godt og nådde 10. plass. Julie Grant-versjonen var ei nytolking av songen som ein Merseybeat-song, som nådde 36. plass. Produsenten Tony Hatch vart inspirert til å skrive Petula Clark-hitten «Downtown», som vart skriven med tanke på å etterlikne stilen til the Drifters, som Hatch hadde håp om ville spele inn songen.[2][3]

Andre tidlege innspelingar av songen vart gjort av Little Eva (albumet LLLLLoco-Motion i 1962) og Jimmy Justice (albumet Smash Hits From Jimmy Justice i 1963). Richard Anthony skreiv fransk tekst for songen som han spelte inn som «Sur le toit» i 1963 for EPen En Écoutant La Pluie.

Det New Jersey-baserte garage-bandet the Sidekicks skreiv om «Up on the Roof» som ei B-side for den regionale hitten «Suspicions» frå 1966 som nådde 55. plass på lista i USA. Songen vart òg gjeven ut på albumet Fifi the Flea. Eit anna garage-band, the Cryan' Shames, spelte inn «Up on the Roof» i 1967 for albumet A Scratch in the Sky og gav han ut på singel. Denne nådde 85. plass i USA våren 1968 etter stor suksess lokalt i heimbyen Chicago.

Laura Nyro spelte inn songen i 1970 for albumet Christmas and the Beads of Sweat og ein singel, som vart den eianste singelen til Nyro som nådde Hot 100 med ein 92. plass som høgaste plassering. Versjonen til Nyro er meir langsam og utan teksten til den første av dei tre originale mellomspela. I 1970 spelte òg Carole King sjølv inn «Up on the Roof» for solodebutalbumet hennar Writer. Songen vart gjeven ut som singel, men selde dårleg.

James Taylor spelte inn songen som den første singelen hans i 1979 frå albumet Flag og singelen nådde 28. plass i juli 1979. Dette vart den siste singelen Taylor spelte inn som soloartist til å nå Topp 40 i USA. Songen var omarrangert kring den akustiske gitaren til Taylor og han vart mykje spelt på konsertane til Taylor. Konsertopptak av songen vart gjevene ut på (LIVE) i 1993 og Greatest Hits Volume 2 frå 2002 og vart spelt på The Concert For New York City etter terroråtaka 11. september 2001. Taylor og King song songen i lag som første ekstranummer under Troubadour Reunion Tour.

«Up on the Roof» vart spelt inn på ny i 1995 av Robson & Jerome som gav han ut som ei dobbel A-side i lag med «I Believe». Arrangementet var nær originalen til The Drifters og den tilhøyrande musikkvideoen synte duoen på toppen av ein skyskrapar på Manhattan. Singelen gjekk til topps i Storbritannia[4] og har seld kring 900 000 eksemplar der.[5] I tillegg nådde «I Believe»/ «Up on the Roof» tredjeplassen i Irland og vart ein mindre hitt i Nederland med ein 45. plass.

«Up on the Roof» har òg vorte spelt av Anita Harris (albumet Cuddly Toy 1969), Kenny Rankin (albumet Family 1969), Dawn (albumet Candida 1970), the Lettermen (albumet Reflections 1970), Ike and Tina Turner (albumet Let Me Touch Your Mind 1973), the Grass Roots (albumet The Grass Roots 1975), Viola Wills (albumet If You Could Read My Mind 1980), the Nylons (albumet The Nylons / 1983), the Cover Girls (albumet We Can't Go Wrong 1989), Neil Diamond (albumet Up On The Roof: Songs From The Brill Building 1993), Peter Cincotti (albumet On the Moon 2004), Tuck & Patti (albumet A Gift of Love 2004), Marcia Hines (albumet Marcia Sings Tapestry & the Hits of Carole King 2010), Frank Ifield, Billy Joe Royal og II D Extreme på debutplata i 1993. Denne nådde 13. plass på R&B Billboard-lista. Discoversjonen av Viola Wills nådde 23. plass på den belgiske lista i Flandern i september 1980.

Bruce Springsteen og The E Street Band spelte songen på konsertane sine i 1975.

Clifford i The Muppets song songen i1 997 i ein episode av Muppets Tonight.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 173. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 334. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 234. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 466. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. «Simon Cowell: The Official Top 50». MTV. MTV Networks. Henta 8. september 2013.