Gravhalstunnelen

Koordinatar: 60°43′43″N 7°4′6″E / 60.72861°N 7.06833°E / 60.72861; 7.06833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°43′43″N 7°4′6″E / 60.72861°N 7.06833°E / 60.72861; 7.06833

Gravhalstunnelen.
Foto: Anders Beer Wilse (1907–1909)

Gravhalstunnelen på 5 311 meter er ein av dei lengste tunnelaneBergensbanen. Tunnelen ligg mellom Upsete haldeplass og Myrdal stasjon i Aurland kommune i Vestland fylke, og er er bora gjennom fjellet Urdshovd som skil Flåmsdalen i aust frå Raundalen i vest. Tunnelen stod ferdig 7. april 1906, etter seks års arbeid. Han vart teken i bruk sommaren 1906, då linja frå Bergen til Myrdal vart sett i drift.

Gravhalstunnelen var det største einskildprosjektet på Bergensbanen. Det vart bygd tilførselsvegar frå Flåm og Voss for å få frakta opp materiell til bygginga. Vegen frå Voss til Upsete stod ferdig i 1896.[1] Deretter vart vegen frå Flåm til Vatnahalsen bygd. For å kunne bruke vegane vart dei brøytte av fleire hundre mann på våren. Etter brøytinga måtte vegane tørke fram til slutten av juni, før dei kunne nyttast i nokre hektiske månader.

Opphavleg vart tunnelen planlagd driven 1,8 km for hand frå austsida. Fjellet var av den harde fjelltypen gneis, så arbeidet gjekk svært seint. Det vart difor bygd eit kraftverk i Kjosfossen slik at ein fekk elektrisk kraft til å kunne nytte trykkluftbor. Frå vestsida nytta ein hydrauliske boremaskiner. Til trass for vanskane vart kostnadane til tunnelprosjektet tre millionar kroner, noko som var rekna som svært lågt.

Tunnelen var den lengste på Bergensbanen frå han vart opna i 1909 fram til Ulrikentunnelen vart sett i drift i 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gravhalstunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2009. Der vert denne kjelda gjeven:
  • Bjørn Holøs (1984). «Stortunnelen». Bergensbanen 75. Gyldendal/NSB. ISBN 82-05-15376-0. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ingen rallarveg – ingen Bergensbane» (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gravhalstunnelen