Urraomaurpitta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Urraomaurpitta

Status i verda: CR Kritisk truga

Urraomaurpitta Foto: Nigel Voaden
Urraomaurpitta
Foto: Nigel Voaden
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Grallariidae
Slekt: Grallaria
Art: G. urraoensis
Namn på andre språk
  • Engelsk: Urrao Antpitta
  • Vitskapleg namn
    Grallaria urraoensis

    G. fenwickorum

    Carantón-Ayala og Certuche-Cubillos, 2010

    Urraomaurpitta (Grallaria urraoensis eller Grallaria fenwickorum) er ein fugl i maurpittafamilien som første gongen vart skildra i 2010. Han er ein kritisk truga fugleart som finst i underskogen av tåkeskog på eit lite areal i Andesfjella i Antioquia-departementet i Colombia. Skildringa av arten forårsaka betydeleg usemje om vitskapleg namn, og artsnamnet både på engelsk og norsk må reknast som førebelse.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein mellomstor maurpitta, frå 16 til 17 centimeter, fjørdrakta til vaksne fuglar er olivenbrun på hovudet og oversida, mørkare brun på den stutte halen, og undersida er lys grå.

    Songen består av tre tonar av aukande lengd og frekvens. Kontaktlætet er ein enkel tone, som stig, fell, og stig igjen, med høgare tonehøgd enn songen.[1] I feltet vil denne pittaen ofte svare på høge lydar og på avspeling av songopptak.

    Åtferd[endre | endre wikiteksten]

    Som andre medlemmer av slekta Grallaria er urraomaurpittaen er ein skjerr, bakkelevande fugl som beitar på insekt, spesielt biller[1] blant nedfallsblad i undervegetasjon. Han flyttar seg høgare, og opp til 1,5 m over bakken for å synge, og er mest aktiv og vokal i timane etter soloppgang og før solnedgang.[1]

    Dei opptrer vanlegvis i par, sjeldnare einskildvise, grupper på tre individ har òg vore observerte.[1]

    Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

    Arten er berre kjent frå Urrao-kommunen. Det kartlagte leveområdet er 28,5 kvadratkilometer på den søraustlege skråninga av Páramo del Sol-massivet, på nordenden av den vestre fjellkjeda av Anes Colombia. Dette er ca. 55 kilometer vest for Medellín, nest største byen i Colombia. Leveområdet ligg i tåkeskog dominert av eik, Quercus humboldtii, i høgder mellom 2500 og 3300 moh.

    Populasjonen er estimert til å ligge på under 400 individ totalt og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som kritisk truga.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Carantón and Certuche (2010).
    2. BirdLife International (2015)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Urraomaurpitta