Vår ære og vår makt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vår ære og vår makt er eit skodespel skrive av Nordahl Grieg i 1935. Stykket vart uroppført på Den Nationale Scene i Bergen våren 1935, og i det same året oppført på Nationaltheatret i Oslo og utgjeve på Gyldendal Norsk Forlag. Tema for stykket er det umoralske og kyniske som låg attom dei store fortenestene på sjøfarten som skipsreiarane i Bergen sikra seg under den fyrste verdskrigen ved å spekulere økonomisk i det harde arbeidet og den store dødsrisikoen sjøfolka deira måtte ta ved at skip med last så ofte gjekk til botns på grunn av krigshandlingane. Stykket vart kontroversielt av di reiarane kjente seg krenka. Men det fekk eit stort publikum i denne tidsbolken, som vart kalla «jobbetida» av di så mange skaffe seg rikdom ved ikkje å arbeide, men ved å «jobbe», som var å spekulere i aksjar og finansar på meir eller mindre ufint vis. Grieg tok i bruk ei rekkje moderne grep i stykket, som representerer noko nytt i nordisk dramatikk, både formelt og politisk.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Heile stykket vart skrive i den stutte perioden frå 1. januar til 4. mai 1935. Første nyttårsdag møtte Grieg den nytilsette teatersjefen ved Den Nationale Scene, Hans Jacob Nilsen, som oppfordra Grieg til å laga eit stykke om bergenske sjøfolk og reiarar under den fyrste verdskrigen. Samarbeidet mellom Grieg og Nilsen var fruktbart og skrivinga gjekk så raskt at Nilsen i utgangspunktet ynskte å setje opp stykket i april.[1]  Likevel skulle den politiske tendensen som lå til grunn for stykke skape problem.

Nordahl Grieg var nyleg komen attende frå Sovjetsamveldet, der han hadde vore sidan våren 1933. Der hadde han vorte kommunist, noko som ikkje gjekk upåakta. Styret ved Den Nationale Scene vart nervøse av det dei fekk høyra om stykket, og vedtok etter ei gjennomlesing av det ferdige materialet å stoppa prøvene. Teatersjef Nilsen protesterte, men Grieg valde sjølv å trekkja stykket. Etter ei veke med intens debatt melde Nationaltheatret si interesse for å setja opp stykket, og då valde styret likevel å gå vidare med stykket etter å ha fått forsikringar frå teatersjefen om at oppsettinga skulle vera kritisk til krigen, men ikkje driva politikk.[2]

Grieg arbeidde svært tett med det historiske materialet han skulle presentera. Han studerte historiske aviser, rettsreferat og organisasjonsprotokollar som kunne gje informasjon om korleis tilhøva var under fyrste verdskrigen. Visstnok skal einskilde replikkar vera henta direkte ut av dåtidas aviser.[3] I tillegg gjorde han fleire forundersøkingar blant sjøfolk i Bergen, både for å læra om deira røynsler under krigen og for å kunna attgje deira språkbruk (sosiolekt), talemåtar og songar på eit så realistisk vis som mogleg. Stykket vart ein suksess med 60 framføringar og 30 000 publikum, og stort sett positive meldingar, sjølv i konservative aviser. Sidan har det gått inn i den norske dramatiske kanonen, og har blant anna vore hyppig brukt i skulen.[treng kjelde]

Stykket[endre | endre wikiteksten]

Vår ære og vår makt fortel ikkje ei tradisjonell historie om éin hovudperson, men bind i staden saman fleire forteljingar om personar som er i ulike sjikt av det bergenske samfunnet. Det er slik sett eit kollektivdrama som fortel historia om korleis krigen påverkar eit kapitalistisk sjøfartssamfunn. Scenene til stykket vekslar mellom å spela ut seg på skipsreiarkontor, på kaia, i private heimar, på havet og så bortetter, og handlinga følgjer krigen og verknaden til kapitalkreftene på livet til einskildmenneska.

Reiarane sine investeringar og spekulative utnytting av informasjon får katastrofale konsekvensar for sjøfolka som jobbar på skipa som vert senka av tyske torpedoar, anten dei døyr på havet eller endar i alkoholisme. Og på land leier den økonomiske konkurransen folk frå mellomlaga ut i ulukke. Grieg skildrar slik eit samfunn der vinnarane tek alt, utan omsyn til dei lika dei må gå over. 

Vår ære og vår makt har tittel frå Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt «Norsk sjømandssang» (1868), der det står følgjande: «Vor ære og vor magt / Har hvide segl os bragt». Grieg si tittel vert helst lesen ironisk – og med full rett – som eit uttrykk for kor langt praksisen til skipsfarten under fyrste verdskrigen låg frå det ærerike biletet som vart teikna av Bjørnson. Det er likevel mogleg å leggja mindre vekt på æra og meir vekt på makta i Bjørnson sin setning. Då vert tittelen ikkje så ironisk, men eit tydeleg uttrykk for korleis Grieg såg på skipsfarten som ein del av maktspelet til det kapitalistiske systemet mellom land og mellom samfunnsklasser. Det er mogleg å sjå misforholdet mellom makt og ære som ein av dei tematiske hovudkonfliktane i stykket.[treng kjelde]

Formelt sett var stykket nyskapande, sterkt inspirert av sovjetisk teaterkunst som Grieg hadde opplevd dei føregåande åra. Eit døme kan vera den raske og medvitne nytta av sceneskift – til dømes frå reiarar som auser punsj i glasa, til sjømenn som auser livbåten for vatn. Kvart av dei mange grepa bar bod om at også teateret måtte ta steget ut i ei større verd. Særleg nyskapande var Griegs grep med å skriva publikum inn i stykket, og med det setje stykket sitt inn i den diskusjonen som han ynskte at det skulle føre til. Dette er det første dømet på ein medviten bruk i skandinavisk samanheng av det som den tyske kommunistiske skodespeforfattaren Bertolt Brecht har kalla «framandgjeringseffekten», som er meint å skapa ein distanse mellom publikum og scena som vil gjere det mogeleg å oppnå ein kritisk refleksjon hjå publikum. Grieg var likevel for emosjonelt engasjert i personane sine, og for skjønnmålande i trua si på framtida, til at han kan kallast ein verkeleg «brechtsk» dramatikar.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Diktaren i bombeflyet : ein biografi om Nordahl Grieg. Oslo. 2012. ISBN 9788202335113. 
  2. Diktaren i bombeflyet : ein biografi om Nordahl Grieg. Oslo. 2012. ISBN 9788202335113. 
  3. Nordahl Grieg om seg selv. Stabekk. 1983. ISBN 8252510507. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]