Valdres folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°58′24″N 9°17′43″E

Valdres folkehøgskule
Valdres folkehøgskule.JPG
MottoMidt i vintereventyret
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagt1899 av Ola Eiriksson Bø
FylkeOppland
KommuneNord-Aurdal
TettstadLeira
EigarKFUK-KFUM

Valdres folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule som ligg på Leira i Nord-Aurdal kommune i Oppland fylke. Skulen tar årleg imot om lag 100 elevar og er eigd av organisasjonen KFUK-KFUM. Slagordet til skulen er «Midt i vintereventyret», som kjem av gunstig geografisk plassering i høve vinteraktivitetar og friluftsliv, med stabil vinter frå november til mai.

Det er kort køyreavstand frå Valdres folkehøgskule til Valdres alpinsenter og preparerte langrennsløyper. På skulen er det gymsal, buldrerom, styrkerom, sandvolleyballbane, tekstil- og sløydsal, og skistall. I uteområdet ved skulen er det grusbane som vinterstid vert dekt av is og brukt til ishockey og skeising. Det er kort gåavstand frå skuleområdet til klatrefelt og gode forhold for terrengsykling. Fleire av turane som skulen arrangerer er lagt til fjella i og omkring Jotunheimen. Det er også turar og aktivitetar knytt til turiststadene Beitostølen og Hemsedal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulen vart skipa av den kristelege læraren og målmannen Ola Eiriksson Bø (1867–1917) i 1899. Han skal ha fått ideen om ein folkehøgskule i Valdres av Jakob Dale i Aust-Agder då han arbeidde på amtsskulen der 1897–1899, og like etter tok avisa Samhold på Gjøvik til orde for ideen. Bø sjølv innleidde om saka på ei ungdomsstemne på Rogne i Øystre Slidre kommune sommaren 1899 der Valdres ungdomslag vart skipa. Møtet gjorde vedtak om å arbeida for ein folkehøgskule, og etter eit brev frå Bø 30. juni 1899, slutta alle kommunane i Valdres seg til skuleskipingsplanen.

2. oktober 1899 kunne så Bø ynskja dei fyrste elevane velkomne til skulestart i mellombelse lokale på Løkje hotell i Vestre Slidre kommune. Då Valdresbanen opna i 1906, flytte skulen til garden Øvre Nes på Fagernes. I 1911 flytte så skulen til Leira der skuletunet er i dag, og sommaren 1912 vart skulebygningen sett opp. Ola Eiriksson Bø var styrar så lenge han levde (til 1917).

Skulen hadde frå skipinga ein kristeleg profil som skilde han frå dei frilyndte folkehøgskulane, og han vart gjerne heller rekna mellom dei kristelege ungdomsskulane. Ein av lærarane frå 1902 var Olaus Islandsmoen, som i 1906 skipa Vestoppland Folkehøgskole.

Familien Asheim kom inn som eigarar av skulen i 1929. I 2012 tok organisasjonen KFUK-KFUM over som eigarar av skulen.[1]

I 2014 omkom to elevar frå Valdres folkehøgskule og ein sjåfør då ein minibuss kolliderte med ein lastebil i Nanyuki i Kenya. Ni vart skadde etter ulukka.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brekkun, Ola. (1925). Valdres folkehøgskule i 25 år. Vårvon, s. 28-35.
  • Aars, Ivar, Trond Bollerud, og Torkjell Asheim. (1999). Heimsyn. Valdres folkehøgskule 1899-1999. Hundreårsskrift. Leira: Valdres folkehøgskule.
  • «Valdres folkehøgskule - Om skolen». folkehøgskole.no. Henta 3. juni 2015. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Valdres Folkehøgskule ikke lenger familieid». NRK. 7. september 2012. Henta 21. september 2012. 
  2. «Overlevde mareritt på skuletur». Firda. 16. april 2014. Henta 18. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]