Valle i Bergen
Utsjånad
| Valle | |||
| stad | |||
Gardshus på Valle | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Bergen | ||
| Postnummer | 5227 NESTTUN | ||
| Gardnummer | 49 | ||
| Ferdselsårer | E39 Osvegen | ||
| Wikimedia Commons: Valle, Bergen | |||
Valle eller Valla er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på nordsida av Kalandsvatnet ved Osvegen
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem av det norrøne vellir, som er fleirtalsforma av voll.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden låg under Lyseklostergodset fram til 1874, då brukarane på garden vart eigarar. I nyare tid er ein del av garden utskilt til bustadområde. Det er framleis gardsdrift på garden.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Valle ligg på nordsida av Kalandsvatnet, aust for Vallaheiane og vest for Ljosvollvarden.
Garden grensar til Kirkebirkeland i nord, Smørås i vest, Hatlestad i sør og Ljosvold i aust.
Bruk av namnet
[endre | endre wikiteksten]Garden er opphav til fleire stader og vegar i området.
- Vallaheiane, både eit bustadområde og ein ås vest for garden.
- Vallahøgda
- Vallalia
- Vallaskaret
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.