Hatlestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hatlestad
stad
Hatlestad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5227 NESTTUN
Gardnummer 82
Wikimedia Commons: Hatlestad

Hatlestad er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på nordsida av Kalandsvatnet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ein er usikker på opphavet til namnet Hatlestad. Det kan ha samanheng med mannsnamnet Atli, eller eit personnamn med Asl-, som Aslaug eller Asleifr. Ein annan teori er at det kan kome av atlega, som tyder støl eller skjul for fe på beite i felles utmark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen høyrte garden til Lyse kloster og etter reformasjonen Lyseklostergodset. Frå 1873-1874 var det brukaren som vart eigarar av Hatlestad og her er framleis gardsdrift.

Frå 1854 til 1861 var Hatlestad skysstasjon før han var flytta til Sandven lenger sør.

Natt til 14. september kom det ekstreme nedbørsmendger på Vestlandet, over 100 mm på berre 12 timar. Det kraftige regnvêret førte til ras i Hatlestad terrasse og tre personar mista livet, medan sju vart skadde.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hatlestad ligg på nordsida av Kalandsvatnet, aust for Hamrefjellet og sør for Valleheiane.

Garden grensar til Valle i nord, Smørås i vest, Indre Hamre i sør og Øvre Sandven i aust.

Hatlestad Eldresenter ligg i dag på Hatlestad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]