Valnesfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valnesfjord
stad
Straumsnes, sentrum i Valnesfjord.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Fauske
Areal 0,63 km²
Folketal 460  (2023)
Folketettleik 730 / km²
Postnummer 8215 VALNESFJORD
Innbyggjarnamn Valnesfjæring
Preposisjon i Valnesfjord
Kart
Valnesfjord
67°17′47″N 15°09′51″E / 67.2965°N 15.1642°E / 67.2965; 15.1642

Valnesfjord er ei bygd i Fauske kommune i Nordland. Bygda ligg rundt Valnesfjordvatnet, i dalen innanfor Valnesfjorden. Tettstaden Straumsnes er sentrum i bygda og har 460 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Straumsnes ligg sentralt i Salten, 11 km frå Fauske og 42 km frå Bodø og riksveg 80 går gjennom bygda. Jernbanen går òg her med stopp for lokaltog på Straumsnes. Haldeplassen vart opna i 2001.

På Straumsnes finst ein daglegvarebutikk med post i butikk, to frisørar, Valnesfjord Helse- og Sosialsenter med legetenester og bibliotek, solarium og ein kiosk med ølutsal og bensinpumpe. Kort veg frå sentrum ligg Valnesfjord Skole, Valnesfjord samfunnshus, barnehage, kunstgras-/idrettsbane og Valnesfjord kyrkje.

7 km lengre opp i bygda, i andre enden av Valnesfjordvatnet, ligg Kosmo. Her ligg den andre skolen i bygda, Kosmo Skole, med eit uteområde som blant anna har ein av kommunens beste skøytebaner om vinteren, samt ei mindre fotballbane og BMX-bane.

Valnesfjord er mest kjend for Valnesfjord Helsesportsenter. Senteret ligg øvst i bygda, ikkje langt frå grensa til Sjunkhatten nasjonalpark. Dei har spesialisert medisinsk rehabilitering og har 72 plassar og 105 tilsette. Kvart år er om lag 1100 brukarar, dei fleste frå Nord-Noreg, innom senteret.

I bygda, som har gjeve seg sjølv tilnamnet "Trivselsbygda", har det dei siste åra vore satsa sterkt på å utvikle Valnesfjord som eit attraktivt bustadsområdet. Eit aktivt nærmiljøutval står i spissen for dette, og blant anna gjennom prosjekt som Sjunkhatten folkehøgskole og Bolyst-prosjektet skal bygda verte meir interessant for dei som vil bu i landlege omgivnader, men i pendleavstand til by og jobb. Ein viktig del av dette er å etablere fleire bustadar, fordi Valnesfjord som ei av få bygder i Noreg opplever press på bustadmarknaden som følge av mangel på bustadar og tomter til sals.

Det er stor kulturell og idrettsleg aktivitet i bygda. Valnesfjord Idrettslag er bygdas einaste idrettslag, men har høg aktivitet og 7 aktive idrettar. Blant aktive lag og foreiningar finst to korps (skolekorps og hornmusikk), eit kammerkor (Valnesfjord Spiskammerskor), skyttarlag og husflidslaug. Bygda har mange forsamlingshus, med og utan scene, og særleg samfunnshuset på Straumsnes og Utsikten kulturhus på Kosmo husar jamnt kulturelle arrangement. Alt frå konsertar med lokale ungdomsband til korpsmusikk eller teater.

Jazzmusikarane Atle Nymo og Frode Nymo voks opp her og Kriss Stemland, keyboardist i Hopalong Knut, Samvirkelaget og MetroGnoM har òg sitt opphav her. Det same gjeld illustratøren Gry Moursund. Også skirennaren, olympiameisteren Simon Slåttvik, var frå Valnesfjord, medan stortingspresident Jørgen Kosmo ætta frå bygda.

Bygda er eit populært turområde med mange turmulegheiter både om sommaren og vinteren. På kvar side av dalen er både turvennlege fjell på nokre hundre meter, og tindar på rundt 1000 moh, som i god vêr gjev utsikt over store delar av Salten. I dalen er det fine forhold for rolege turar i slakt terreng, og i området rundt Helsesportsenteret øvst i bygda vert det køyrd fleire mil med skiløyper om vinteren. Det finst også to lysløyper i bygda. Ei ved Helsesportsenteret og ei ved Straumsnes.