Vang kyrkje i Valdres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vang kyrkje
kyrkje
Vang kyrkje.
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vang kommune
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Innvigd 1840
Sitjeplassar 250
Kart
Vang kyrkje i Vang
61°7′34″ N 8°34′30″ E
Wikimedia Commons: Vang kirke (Vang)

Vang kyrkje i Vang kommune i Valdres i Innlandet er ei krosskyrkje i tre frå 1840.

Kyrkja har 250 plassar. Ho vart bygd til erstatning for Vang stavkyrkje, som stod på staden, men vart rive og seld av di ho var for lita og uhøveleg for bygda. Ein stein med opplysningar er sett opp på kyrkjegarden for å markere kvar denne stavkyrkja stod.

Vangsteinen, ein bilet- og runestein frå 1000-talet som var reist attmed stavkyrkja, er no er plassert attmed kyrkjeporten.

Prestegarden ligg aust for kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]