Vansbro kommun
| Vansbro kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Dalarnas län | ||
| Landskap | Dalarna | ||
| Centralort | Vansbro | ||
| Areal | 1 667,17 km² | ||
| • land | 1 548,70 km² | ||
| • vatn | 118,47 km² | ||
| Folketal | 6 959 | ||
| Folketettleik | 4 / km² | ||
![]() Vansbro kommun 60°31′00″N 14°13′00″E / 60.516666666667°N 14.216666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Vansbro Municipality | |||
| Nettstad: www.vansbro.se | |||
Vansbro kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fem andre kommunar i Dalarnas län, Mora kommun i nord, Leksands kommun i nordaust, Gagnefs kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Malung-Sälens kommun i vest. I tillegg grensar han til Filipstads kommun i Värmlands län i sørvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Vansbro.
Vansbro kommun har eit kupert og skogkledd landskap med mykje myrmark. Västerdalälven renn gjennom kommunen, som er ein jord- og skogbrukskommune.
Administrativ historikk
[endre | endre wikiteksten]Dei tre kommunane Järna, Nås og Äppelbo vart ikkje påverka av den fyrste landsomfattande kommunereforma i 1952, men heldt i staden fram som eigne kommunar til den andre kommunereforma i 1971. Då vart dei slått saman til Vansbro kommun, med namn etter administrasjonssenteret Vansbro (som var municipalsamhälle frå 1911 til 1960).
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Blasonering: På blå bakgrunn, ei øks og eit sverd i kross, med eit jernmerke i den øvre krossvinkelen, alt i gull..[1]
Alle dei tre tidlegare einingane som i 1971 oppretta kommunen hadde, som mange andre i Dalarna, eigne heraldiske våpen. Ein valde i byrjinga å bruke alle tre med eit blått band som bakgrunn. I 1986 vart det noverande våpenet registrert i Patent- och registreringsverket. Det inneheld element frå alle dei tre tidlegare våpena.
- Våpenet til Äppelbo landskommun.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Det er fire tettstader i Vansbro kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1. | Vansbro | 2 030 |
| 2. | Järna | 1 429 |
| 3. | Nås | 455 |
| 4. | Äppelbo | 261 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Vansbro kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Vansbro – kommune» på Store Norske Leksikon.
Fotnote
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «I blått fält en yxa och ett svärd i kors, i övre korsvinkeln åtföljda av ett järnmärke, allt av guld.».

