Falu kommun
| Falu kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Dalarnas län | ||
| Landskap | Dalarna | ||
| Centralort | Falun | ||
| Areal | 2 288,32 km² | ||
| • land | 2 051,9 km² | ||
| • vatn | 236,42 km² | ||
| Folketal | 55 220 | ||
| Folketettleik | 27 / km² | ||
![]() Falu kommun 60°36′00″N 15°38′00″E / 60.6°N 15.633333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Falun Municipality | |||
| Nettstad: www.falun.se | |||
Falu kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til mange andre kommunar, både i Dalarnas län og Gävleborgs län. Centralorten i kommunen er Falun.
Aust og nord i kommunen er det store skogkledde moreneområde og vide myrmarker. I vest er det ein rikare flora, der ein mellom anna kan finne edellauvskog (lind, lønn, alm, hassel) rundt Våckelbergets naturreservat. Industrisektoren var tidlegare dominerande i området, men han er i dag erstatta av tenestenæringar som den største næringa. Falu kommun har fleire turistattraksjonar, mellom dei mest kjende er Falu gruve og Carl Larsson-gården i Sundborn.
Administrativ historie
[endre | endre wikiteksten]I det store samanslåingsåret 1952 skjedde det ikkje noko i området utanom at Aspeboda kommun vart slått saman med Stora Kopparberg. Det vart ikkje gjort forandringar med dei fem andre landskommunane og Falun stad. I 1967 vart Stora Kopparberg og Vika innlemma i Falun stad. Ved kommunereforma i 1971 vart Falu kommun oppretta gjennom at byen vart slått saman med landskommunane Bjursås, Enviken, Sundborn og Svärdsjö.
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein oppstikkande raud krenelert mur frå kant til kant, og ovanfor tre ståande koparsymbol, alle i raudt.[1]
Det eldste seglet for byen Falun er frå 1642 og inneheld mellom anna eit koparteikn. Våpenet som er i bruk i dag vart laga på 1900-talet og vart fastsett av kongen i 1932. Etter kommuneopprettinga i 1971 vart det forenkla noko og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1988. Alle dei andre kommunane som var med på å utgjere den nye Falu kommun hadde også eigne våpen, og desse vart ugyldige.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Det er elleve tettstader i Falu kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1 | Falun | 36 447 |
| 2 | Bjursås | 1 864 |
| 3 | Grycksbo | 1 781 |
| 4 | Svärdsjö | 1 288 |
| 5 | Sundborn | 751 |
| 6 | Linghed | 609 |
| 7 | Sågmyra | 578 |
| 8 | Bengtsheden | 556 |
| 9 | Danboln | 446 |
| 10 | Vika | 398 |
| 11 | Toftbyn | 274 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Falu kommun» frå Wikipedia på svensk, den 7. mars 2009.
- «Falun – kommune i Sverige» i Store Norske Leksikon, vitja 7. mars 2009.
Fotnote
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «I fält av guld en uppskjutande från kant till kant gående krenelerad mur och däröver tre bjälkvis ordnade kopparsymboler, allt i rött.».

