Varósia
Varósia | |||
bydel | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 226 (2011) | ||
![]() Varósia 35°06′39″N 33°57′13″E / 35.110833333333°N 33.953611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Varosha (Famagusta) |
Varósia (gresk Βαρώσια, tyrkisk Maraş eller Kapalı Maraş) er eit område i den sørlege delen av byen Ammókhostos i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros som omfattar bydelane Ájos Ioánnis, Ájos Nikólaos, Khrysí Aktí og Ájos Mémnon langs kysten sørover frå det historiske senteret i byen, i tillegg til bydelane Ajía Zóni, Stavrós og Akrópolis litt innover i landet.

Frå 1960 til 1974 blei Varósia bygd ut til det som etter kvart blei viktigaste turistområdet på Kypros og ein av dei fremste destinasjonane i Europa.[1] Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har området vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein del av kommunen Gazimağusa i distriktet Gazimağusa.[2] Det tidlegare turistområdet har vore ein spøkelsesby under militær kontroll og avstengd frå tilgjenge, men frå 2017 er det delvis opna for tilgang for tyrkarar og tyrkisk-kypriotar.[3]
Ved folketeljinga for Nord-Kypros i 2011 hadde området 226 innbyggjarar.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ shalw (31. juli 2020), «The abandoned town in Cyprus where celebrities used to frolic», Sound Health and Lasting Wealth (på engelsk), henta 13. november 2020
- ↑ 2,0 2,1 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ Turkish Army opens fenced-off Famagusta beach exclusively to Turkish nationals & Turkish-Cypriots!, Cyprus Tourism, 30.08.2017, henta 25. mars 2020