Vardeneset kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vardeneset kyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Ytre Stavanger
Sokn Vardeneset
Fellesråd Stavanger
Arkitekt Byarkitekten i Stavanger v/Steinar Skartveit
Innvigd 2. januar 2000
 - Endringar 2007
Tårn Frittståande
Kyrkjegard Nei
Sitjeplassar 450
Kart
Vardeneset kyrkje
58°59′37″N 5°40′30″E / 58.99348194°N 5.67501806°E / 58.99348194; 5.67501806
Wikimedia Commons: Vardeneset kirke

Vardeneset kyrkje er ei kyrkje frå 2000 i Stavanger kommune i Rogaland fylke.

Kyrkja vart teikna av sivilarkitekt Steinar Skartveit, sjefsarkitekt i Bygg-, bustads- og eigedomsavdelinga i Stavanger kommune. Første spadestikket vart teke 14. november 1998 og grunnsteinen var lagt ned 12. juni 1999. Kyrkja vart innvigd av biskop Ernst O. Baasland 2. januar 2000.

Kyrkja har eit bruttoareal på 1 350 m². Ytterveggane er murt med Leca-blokkar som er pussa og måla kvite. Innvendig er kyrkja òg for det meste kvitmåla med furupanel i taket i kyrkjesalen og kyrkjetorget. Flisene i kyrkja er mørkegrå, som ein kontrast til dei kvite veggane.

Altarteppet i Vardeneset kyrkje er laga av Else Marie Jakobsen. Motivet er påskebodskapen «Frå mørkre til ljos». Ei ljosstråle treff den vevde kristusskikkelsen. Sola kring hovudet glitrar og ber bud om at mørkret må vike. Altarteppet har tre dimensjonar: Tre figurative motiv syner Maria og Jesusbarnet, Kristus på krossen og den oppstandne Kristus. Bunnmotivet er kyrkjeåret, den fyrste fiolette stripa står for advent, byrjinga av kyrkjeåret. Den tredje dimensjon er tornekransen som skrår over og ut av teppet og går over i oppstoda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]