Vasilij P. Rotsjev
Utsjånad
| Vasilij P. Rotsjev | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
| Fødd | 22. desember 1951 (74 år) Bakur |
| Idrett | langrenn |
| Tok del i | Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Ski-VM 1974 |
| Utmerkingar | Hedret mester i idrett av Sovjetunionen |
Vasilij Pavlovitsj Rotsjev (fødd 22. desember 1951) er ein tidlegare langrennar som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister med det sovjetiske stafettlaget under Vinter-OL 1980.
Rotsjev tok bronsemedaljen på 15 km i Ski-VM 1974, berre halvtanna sekund bakom vinnaren Magne Myrmo. To dagar seinare gjekk Rotsjev den tredje etappen for Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett. Han vann deretter 15-kilometeren i Lahti åra 1974, 1975 og 1977. Under dei olympiske vinterleikane i Lake Placid i 1980 gjekk han inn til sølvmedalje på tremila, for så å gå startetappen for det sovjetiske vinnarlaget i 4 x 10 km stafett.
Sonen Vasilij V. Rotsjev vann ein gullmedalje i Ski-VM 2005.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wassili Pawlowitsch Rotschew» frå Wikipedia på tysk, den 27. mars 2024.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1951
- Sovjetiske langrennsløparar
- Russiske langrennsløparar
- Olympiske medaljevinnarar i langrenn
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976
- Langrennsløparar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Langrennsløparar under vinter-OL 1980