Magne Myrmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magne Myrmo i 1972

Magne Gunnbjørn Myrmo, (fødd 30. juli 1943) i Rennebu i Sør-Trøndelag, er ein norsk tidlegare langrennar. Frå slutten av 1960-talet og i over eit tiår var han mellom dei beste norske langrennarane.

Fremste prestasjonane[endre | endre wikiteksten]

Myrmo er kjend som «den siste verdsmeister på treski». Under VM på ski 1974 i Falun tok han gull på 15 km, eit knapt sekund framom Gerhard Grimmer, som gjekk på nye glasfiberski. Under OL i 1972 vann han sølvmedaljen på 50-kilometeren etter Pål Tyldum. Bronsemedalje frå VM-stafetten 1974.

Han vart norgesmeister to gongar (1971 og 1972), vann fem NM-sølv og åtte NM-bronser.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Nr 13 på femmila i Holmenkollen.
  • 1968: Nr 6 på tremila i Svenska skidspelen i Falun.
  • 1969: Vinnar av tremila i Svenska skidspelen i Falun. Tredjeplass på femmila i Holmenkollen.
  • 1970: Vinnar av 15-kilometeren i Holmenkollen. Nr sju på tremila under VM i Štrbské pleso.
  • 1971: Nr 5 på femmila i Holmenkollen.
  • 1972: Sølvmedalje på femmila under OL i Sapporo. Vinnar av 15-kilometeren i Holmenkollen.
  • 1973: Nr tre i begge renna (15 km og 50 km) i Lahti.
  • 1974: Verdsmeister på 15 km i Falun, og vinnar av femmila i Holmenkollen.
  • 1975: Tredjeplass på femmila i Holmenkollen.
  • 1976: Tredjeplass på 15 km i Holmenkollen.
  • 1977: Nr 6 på femmila i Holmenkollen.
  • 1978: Vinnar av tremila i Svenska skidspelen i Falun. Andreplass på femmila i Holmenkollen.
  • 1979: Nr 11 på femmila i Holmenkollen.

I verdsmeisterskapen i 1974 gjekk han startetappen på det norske stafettlaget, som vann bronsemedaljane.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Nr 8 på femmila, Rena.
  • 1967: Nr 5 på tremila, Skorovatn.
  • 1968: Nr 6 på femmila, Hønefoss.
  • 1969: Nr 6 på femmila, Alvdal.
  • 1970: Nr 6 på femmila, Meldal.
  • 1971: Gullmedalje på femmila, Fåberg.
  • 1972: Gull på 15 km og sølv på femmila, Tydal.
  • 1973: Sølv på 30 km, Fåberg og bronse både på 15 km og 50 km, Lillehammer.
  • 1974: Bronsemedalje både på tremila i Selbu og på femmila i Sørreisa.
  • 1975: Sølv på femmila i Flatebygd og bronse på tremila i Heddal.
  • 1976: Sølvmedalje på 15 km i Surnadal.
  • 1977: Bronsemedalje på 15 km i Vang.
  • 1978: Sølv på 50 km, bronse både på 15 km og 30 km, alle renna på Konnerud.

Magne Myrmo vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1972.

Myrmo vart i 1974 kåra til «Årets idrettsnamn» og fekk Sportsjournalistenes statuett.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar