Vassøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vassøyane er ei øygruppe med 1,87 km² landareal sør i Sognesjøen, og ligg i den ytre sørvestre delen av Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Gruppa består av kring 100 små og store øyer, fordelt over ein dryg kilometer i aust-vestleg retning. I sør grensar øygruppa mot Fensfjorden, i nord startar Sognesjøen og øygarden med hundrevis av småøyer innover Gulensida. Vegetasjonen er atlantisk lynghei kor røsslyng, klokkelyng, krekling og gråmose dominerer.

Vassøyane er freda som Vassøyane naturreservat (desember 1991), og det er øygruppa sine rike våtmarker som er bakgrunn for vernet. Det er hekkeplassar her, men fyrst og fremst er området viktig som trekkfuglplass. Området har sidan 1970-talet vorte foreslådd som landskapsvernområde i samanheng med tilstøytande øygrupper lengre sør og vest.

Området blei berørt av den kaledonske fjellkjedefoldinga, då det «nordamerikanske» kontinentet Laurentia støytte saman med det «nordeuropeiske» Baltika for 425 millionar år sidan. Gulen ligg heilt i vestre kant av det synlege grunnfjellskjoldet, og er omgjeve av dei kaledonske skyvedekka av tidlegare havbotnskorpe som i samanstøyten vart skyve opp på land og pregar nabokommunane i sør og sørvest. Men Vassøyane og øya Røytinga heilt i sørvest høyrer til Solundbassenget frå seinsilur og tidleg devontid. Desse småøyene og hovudøyene i Solund er dekte med konglomerat og sandstein som ligg oppå putelava. Solundbassenget oppstod gjennom ein kombinasjon av vulkanistisk havbotnspreiing og kystnære avsetningar då det nett her, for 420-410 millionar år sidan, var litt attende av havet (Iapetus) mellom Laurentia og Baltika.[1] Formasjonen er restane av eit gjenverande havbasseng som var i rørsle samstundes som avrenning frå det nye, kaledonske dekket i aust avsette sandstein oppå eldre bergartar i overgangen frå silur til devon. Bergartane på Vassøyane og Røytinga består såleis av drygt 400 millionar år gamle avsetningsbergartar.

Bland dei viktigaste av dei meir sjeldne fugleartane her finn vi mellom anna ringgås, kvitkinngås, teist, enkelbekkasin, småspove, raudstilk og siland

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ramberg, Ivar B (red): Landet blir til - Norges geologi, 2007, side 113 og 192-194.