Vaterlands bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′48.434″N 10°45′29.174″E

Vaterlands bru i 2010.
Foto: Kjetil Ree
Akerselva med Vaterlands bru i 1800 av John William Edy

Vaterlands bru er ei bru over Akerselva i Oslo sentrum. Brua bind saman gatene Brugata og Grønland, og strøka Vaterland og Grønland. Broa vart bygd i 1654 og seinare endra fleire gongar.

Vaterlands bru var hovudinnfartsåre til byen frå nord og aust fram til bygginga av Nybrua i 1827. Bønder frå Romerike og Oppland kom kjøyrande her på veg til bondehandelsgardane i Brugata og Storgata. Når kongelege personar kom til byen vart dei møtte av ein velkomstportal og representantar for myndigheitene på vestsida av broa. Det skjedde mellom anna da Kristian Fredrik kom att til Christiania frå Eidsvoll 22. mai 1814 og da kronprins Karl Johan gjorde inntog 9. november same år.

Brua er eit kommunalt verna kulturminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]