Vegard Vigerust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegard Vigerust
Fødd 18. november 1925
Dovre
Død

27. mai 2020 (94 år)

Yrke lyrikar

Vegard Vigerust (18. november 192527. mai 2020) var ein norsk forfattar og filolog med norsk hovudfag. Han debuterte i 1954 med Stålstuten, ein satirisk bygderoman, og byrja også som lyrikar i 1972 med diktsamlinga Istid. I 2002 gav han ut Vel møtt, livsmot!, ei samling dikt på bokmål og epistlar med refleksjonar og tilbakeblikk.

Han skreiv artiklar, blant anna i årbøkene til Den Norske Turistforening og i Dovrebygde, lokalhistorisk skrift for Dovre. I 1994 kom Evig unge Dovre ut, med dikt på dølemål og små lokalhistoriske prosastykke, i 1997 Minneblad og dølakvad i same sjanger. Vigerust har elles bidratt med tekstar til CD-ane Syng, Dovre (1998) og Troillspel (2001) av gruppa Østenfor Sol, nokre av komposisjonane er også av Vigerust. Han laga teksten til den historiske kavalkaden Gudbrandsdalsspelet oppført på Vinstra i 1981.

Som lektor var Vigerust tilsett i Søndre Land, Ski, Oslo (NKS), Levanger og Asker. For det lokale amatørteateret skreiv han Asker, du mitt Asker!, ein historisk kavalkade om bygda, og dessutan prologar for lokale jubileum av ulike slag og for den årlege kulturveka. Han var styremedlem i Asker Kunstforening.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Stålstuten (1954)
  • Guten som ville kjøpe Norsk Rikskringkasting (1957)
  • Helten fra Songdøla (1962)
  • Sæval (1966)
  • Mikla (1970)
  • Istid (1972)
  • Jord (1975)
  • Skimt (1978)
  • Sangen om Svånåtindane (1980)
  • Strender (1982)
  • Vel møtt, livsmot! (2002), eige forlag
  • Vel møtt, livsmot 2! (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]