Veit Kührt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Veit Kührt
Bundesarchiv Bild 183-A1226-0091-003, Oberhof, Nordische Kombination, Veit Kührt.jpg
Fødd 3. desember 1940
Zella-Mehlis
Yrke skihoppar
Veit Kührt på Commons

Veit Kührt (fødd 3. desember 1940) er ein tysk, tidlegare skihoppar som konkurrerte for Aust-Tyskland og som representerte SC Motor Zella-Mehlis.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kührt vart nummer 12 i OL i Squaw Valley i 1960. Han deltok i verdsmeisterskapane på ski i 1962 og 1966. I Zakopane i 1962 vart han nummer seks i normalbakken og nummer 12 i storbakken, i Oslo i 1966 kom han på femteplass i normalbakken og vart nummer 9 i storbakken.

Kührt kom i 1960 på femteplass i hopprennet i Svenska skidspelen i Transtrand, eit renn som landsmannen Helmut Recknagel vann. Kührt deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i perioden 1960-67, med sjuandeplassen i Oberstdorf 30. desember 1960 som hans beste plassering. Han vart nummer fire i Lahti-spelen i 1962. I 1963 vart han nummer tre i skiflygingsveka i Planica, året etter kom han på sjetteplass i Holmenkollrennet. Både i 1965 og 1966 vart han nummer seks i Lahti.

Han vart austtysk meister i 1960 og 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar