Velibor Vasović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Velibor Vasović

Velibor Vasović (3. oktober 19394. mars 2002) var ein jugoslavisk-serbisk fotballspelar og -trenar frå Požarevac. Han var med å vinne Europacupen for Ajax Amsterdam i 1971, etter å ha tapt europacupfinalane 1966 og 1969 med høvesvis Partizan Beograd og Ajax Amsterdam. Langt seinare var han sjef for Raude Stjerne Beograd-mannskapet som vart jugoslavisk seriemeister i 1988.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vasović spelte på Partizan frå 1958 til 1996, bortsett frå eit halvår i 1963 då han gjorde teneste i Raude Stjerne. Som Partizan-spelar var han med å vinne den jugoslaviske seriemeisterskapen fire gongar. Den 11. mai 1966 gav han Partizan leiinga 1-0 då laget møtte Real Madrid i Europacupfinalen, ein kamp som enda med Partizan-tap 1-2. Frå hausten 1966 til han la opp i 1971 var Vasović midtstoppar i nederlandske Ajax. Våren 1969 skåra han på straffespark då klubben frå Amsterdam for fyrste gong spelte europacupfinale, der det vart tap 1-4 mot AC Milan. To år seinare var Vasović kaptein for eit Ajax-mannskap som vann Europacupfinalen 1971 med 2-0 over Panathinaikos. Med Ajax vann han tre nederlandske seriemeisterskap.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vasović deltok i tida 1961-66 i 32 landskampar for Jugoslavia og skåra 2 mål. Det siste landslagsmålet kom i landskampen mot Noreg på heimebane hausten 1965, ein kamp som enda 1-1 etter ei tidleg norsk skåring ved Ole Stavrum. Vasović var også med då det norske landslaget overraskande vann 3-0 over Jugoslavia i Oslo den 16. juni 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]